Lesja kyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lesja kyrkje
kyrkje
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lesja
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Hamar
Prosti Nord-Gudbrandsdal
Sokn Lesja
Fellesråd Lesja
Type Krosskyrkje
Arkitekt Ola Fredriksson Hole[1]
Teknikk Lafteverk
Material Tre
Innvigd 1750
 - Endringar Restaurert 1901 og 1925
Tårn Sentraltårn
Kyrkjegard Ved kyrkja
Preikestol Jakob Klukstad, 1742–45
Altartavle Jakob Klukstad, 1766
Sitjeplassar 300
Diverse Korskranke av Klukstad. Takmåleri av Ragnvald Einbu.
Kart
Lesja kyrkje
62°06′44″N 8°51′14″E / 62.11216389°N 8.85395278°E / 62.11216389; 8.85395278
Wikimedia Commons: Lesja kirke

Lesja kyrkje er ei krosskyrkje frå 1750 i Lesja kommune i Innlandet fylke.

Byggverket er ei lafta tømmerkyrkje og har 300 plassar.[2] I dei fleste prestegjelda i Gudbrandsdalen vart det sett opp nye kyrkjer på 1700-talet, etter at kongen selde kyrkjene på auksjon i 1723. Alle kyrkjene vart kjøpt av bygdefolket. Dei nye kyrkjene var lafta krosskyrkjer. Det må ha vore den nye domkyrkja i Kristiania, Vår Frelsers kyrkje frå 1690-åra, som var førebiletet. Dei store soknekyrkjene i Gudbrandsdalen er godt proporsjonerte. Den eine krossarmen utgjer koret, skilt frå skipet med eit korskilje, vanlegvis krona med kongens monogram med to løver.

Biletgalleri[endre | endre wikiteksten]


Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Lokalhistoriewiki fortel at byggmester Ola Fredriksson (ca. 1711–69) var frå Nistugu på Sør-Hole i Lesja. Patronymet vert som oftast forkorta til Frekson. Han skal òg (seier jubileumsboka om kyrkja) ha vore ein framifrå smed.
  2. Lesja kyrkje på Kyrkjebyggdatabasen Arkivert 2014-03-01 ved Wayback Machine. lese på nett 2. april 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]