Lesjaskog

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lesjaskog
Lesjaskog kyrkje på Lesjaskog
Land  Noreg
Fylke Innlandet
Kommune Lesja
Kart
Lesjaskog
62°14′01″N 8°21′21″E / 62.23361111°N 8.35583333°E / 62.23361111; 8.35583333
Wikimedia Commons: Lesjaskog

Lesjaskog er ein skulekrets og eit kyrkjesokn i Lesja kommune i Innlandet. Tidlegare var det òg ein stoppestad (stasjon) på Raumabana med same namn.

Lesjaskog ligg lengst nord i Gudbrandsdalen. Det er ei fjellbygd der landbruk fram til nå har vore viktigaste næringsveg. Klimaet så nær fjellet er lite eigna for kornproduksjon, så her er det sauehald og storfe med mjølk- og kjøtproduksjon som er dominerande. Sauehaldet har dei siste 20 åra vore sterkt plaga av at jerv drep og lemlestar store mengder lam i løpet av sommaren da dyra går på fjellbeite. Mjølkeproduksjonsbruka er i ferd med å bli færre fordi bruk blir slått saman eller leigde ut til andre. Ein del er sysselsett i offentleg tenesteyting, industri og transport.

Lesjaskogsvatnet ligg på 612 meter over havet og har utløp i begge endar, eit fenomen som visstnok berre finst i ein annan innsjø i heile verda. Lesjaskogsvatnet ligg altså på vasskiljet mellom aust og vest, det er Rauma som renn vestover og Lågen som renn austover. Lesjaskog skule er ein barne- og ungdomsskule.