Lesotho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
[endre]
Mmuso wa Lesotho

(norsk: Lesotho, lesothisk)

Det lesothiske flagget Det lesothiske riksvåpenet
Flagg Riksvåpen
Nasjonalsong «Lesotho Fatse La Bontat'a Rona»
Motto Khotso, Pula, Nala (fred, regn, rikdom)
Geografisk plassering av Lesotho
Offisielle språk Sesotho, engelsk
Hovudstad Maseru
Styresett
Monarki
Letsie III

Tom Thabane

Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
30 355 km² (139.)
Ubetydeleg
Folketal
 – Estimert (2012)
 – Folketeljing (2004)
 – Tettleik
 
1 924 886 (146.)
1 861 959
63,4 /km² (109.)
Sjølvstende
frå det britiske imperiet
4. oktober 1966
Nasjonaldag 4. oktober
BNP
 – Totalt (2010)
 – Per innbyggjar
 
3 310 mill. USD (167.)
1 700 USD (166.)
Valuta loti
Tidssone UTC +2
Telefonkode +266
Toppnivådomene .ls


Lesotho er eit land i det sørlege Afrika. Landet er ein enklave, eit kongedøme som er totalt omkrinsa av Sør-Afrika. Namnet tyder «landet til sothoane» og viser til det offisielle språket, sesotho. Det var tidlegare ein britisk koloni, og var kalla Basutoland. I dag er Lesotho ein del av det britiske samveldet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Basutoland bytte namn til Kongedømet Lesotho ved sjølvstendet frå Storbritannia i 1966. Kong Moshoeshoe måtte gå i eksil frå 1990 til 1995. Under eksilet tok sonen, noverande kong Letsie III, trona. I 1993 vart ei konstitusjonell regjering oppattretta etter 23 års militærstyre. I 1998 vart eit val fylgt av voldsame protestar og eit militært opprør, som førte til at Sør-Afrika greip til ein kort, men blodig, militær invasjon. Etter dette har konstitusjonen vorte reformert og det politiske leiet har vorte stabilisert. I 2002 vart eit fredeleg val til parlamentet heldt.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Lesotho er prega av fjell og høgland, og er blitt kalla «kongedømet i himmelen». Det høgaste punktet er Thabana Ntlenyana på 3482 meter.

Lart over Lesotho

Klima[endre | endre wikiteksten]

Lesotho har eit subtropisk klima der nedbøren fell i samband med søraustpassaten og er mykje det same som Highveld i Sør-Afrika, men temperaturane er mykje lågare i høgda og ein får ofte snø i fjella om vinteren. I dei lågareliggande områda er vinteren tørr og mild, men ofte med kalde netter. Sommaren er varm med litt meir nedbør og temperaturane vert sjeldan svært høge. Dei lågareliggande områda får om lag 500-600 mm nedbør i året og nedbøren kjem ofte i samband med kraftige torevêr. I enkelte fjellstrøk kan årsmiddelnedbøren kome opp mot 1900 mm.

Middeltemperaturen i hovudstaden Maseru (1570 moh.) er 21 °C i desember-februar og 8 °C i juni–juli.

Innbyggjarar[endre | endre wikiteksten]

Ein landsby i dei lesothiske høglanda.

Størstedelen av lesotharane, over 99%, er basothoar, men det finst òg folk av europeisk og asiatisk opphav. Sesotho og engelsk er offisielle språk, medan mellom anna zulu og xhosa òg blir tala.

80 % av folket er kristent, størstedelen katolske. I tillegg finst innfødde religionar, hinduisme og islam.

Utviklinga av folketalet i Lesotho

HIV/AIDS[endre | endre wikiteksten]

Landet har ein av dei høgaste førekomstane av HIV/AIDS i verda, truleg på rundt 29 % av folket, med ein aukande prosentdel. Styresmaktene i landet såg seint det enorme trugsmålet frå sjukdommen, og det som er blitt gjort for å stoppa spreiinga har berre hatt avgrensa verknad. Landet har likevel skapt fleire planar og kommisjonar for å prøva å takla problemet.

AIDS-epidemien har senka den venta levealderen brutalt, og har gjeve utslag på folkeveksten, som nå er nær stogga. Ein gut fødd i 1990 hadde ein venta levealder på 51,6 år, i 2000 42,5, medan den forventa levealderen i 2005 er utrekna til berre å vera 32,3[1]. Liknande dystre tal gjeld for kvinner.

Økonomi[endre | endre wikiteksten]

Elvedalen Makhaleng.
Snø langs ein veg i Lesotho.

Den viktigaste naturressursen til Lesotho er vatn, som det har i store mengder.

Lesotho er nært knytt økonomisk som geografisk til Sør-Afrika. Landet baserer seg på eksport av vatn og elektrisitet til dette landet, i tillegg til lesotharar som arbeider i Sør-Afrika. Landet eksporterer òg diamantar, mohair og ull. Elles er økonomien jordbruksbasert. Over halvparten av inntektene i landet kjem frå denne sektoren, og nær halvparten av folket tener noko på dyrking av jord eller dyrehald.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lesotho