Let It Be

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
«Let It Be»
Singel av The Beatles
frå albumet Let It Be
B-side «You Know My Name (Look Up the Number)»
Sjanger Rock
Lengd 3:50 (singel)
4:03 (album)
Selskap Apple Records
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin og Chris Thomas (singelutgåve)
Phil Spector (albumutgåve)
The Beatles-kronologi
«Something»/«Come Together»
(1970)
«Let It Be»

«Let It Be» er ein song av The Beatles, som først vart gjeven ut på singel, og så på albumet med same namn, Let It Be i 1970.

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om teksten på songen ofte vert feiltolka til å vere ein hymne til Jomfru Maria, er han i røynda ein hyllest til Paul McCartney si eiga mor, Mary, som døydde då han var 14 år. Han skreiv songen etter å ha hatt ein draum om ho, slik det kjem fram i første vers:

When I find myself in times of trouble
Mother Mary comes to me
Speaking words of wisdom
Let it be
And in my hour of darkness
She is standing right in front of me
Speaking words of wisdom
Let it be

John Lennon var etter sigande særs kritisk til songen då McCartney spelte han for resten av bandet, sidan han rekna med at «Mother Mary» i teksten berre var ein sjølvrettferdig referanse til kristendom. The Beatles la likevel ekstra arbeid i songen då han vart spelt inn i januar 1969 og sleppt som singel i mars 1970. Det skulle verte den aller siste singelen frå The Beatles som kvartett.

McCartney var inspirert av gospel- og soulstemma til Aretha Franklin då han i desperasjon starta å skrive «Let It Be» i 1968 med tankane på mor si: «Eg er ikkje sikker på om ho nytta orda 'let it be'», fortalte han seinare, «men det var essensen i rådet hennar».[1] Bodskapen i den spirituell songen var kanskje til sist ei bøn om fred og forsoning med The Beatles, at uansett usemje og trugselen om oppløysing, la det vere (let it be).

«Let It Be» er rekna som The Beatles sin svanesong.

Versjonar[endre | endre wikiteksten]

Det er fleire offisielle versjonar av «Let It Be». Singelutgåva vart produsert av George Martin, men i løpet av det same året miksa Phil Spector songen på nytt for albumet med eit anna arrangement og ein ny gitarsolo. McCartney var særs misnøgd med handteringa Spector gav songen, og fekk først songen gjort på nytt i 2003 då albumet Let It Be... Naked kom ut, ikkje berre med «Let It Be» vaska for lydbiletet til Spector, men samtlege songar på albumet. Det er òg ein fjerde versjon av songen på albumet The Beatles Anthology 3.

McCartney spelte piano, eit Blüthner Flügel frå Leipzig, Tyskland, på songen, medan Lennon spelte bass. George Harrison spelte gitarsolo, og Ringo Starr trommer, som vart framheva med ekko av Spector, noko Starr mislikte. På albumet Let it Be... Naked kan ein høyre den originale tromminga hans. I tillegg spelte Billy Preston orgel.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Rollig Stone