Let It Bleed

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Let It Bleed
Studioalbum av The Rolling Stones
Utgjeve 28. november 1969
Innspelt November 1968, februar – november 1969 ved Olympic Studios i London
Sjanger Rock
Lengd 42:21
Selskap Decca/ABKCO (UK)
London/ABKCO (US)
Produsent Jimmy Miller
Kritikk
The Rolling Stones-kronologi
Beggars Banquet
(1969)
Let It Bleed Get Yer Ya-Ya’s Out! The Rolling Stones in Concert
(1970)

Let It Bleed er eit album av The Rolling Stones frå desember 1969. Det var oppfølgjaren til Beggars Banquet (1968), og kom ut kort tid etter ein amerikansk turne i 1969.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om dei hadde starta på innspelinga av songen «You Can’t Always Get What You Want» i mai 1968, før Beggars Banquet kom ut, starta innspelinga av Let It Bleed for fullt først i februar 1969, og heldt fram sporadisk fram til november. Brian Jones medverkar berre på to spor, autoharp på «You Got the Silver» og perkusjon på «Midnight Rambler». Erstatninga hans, Mick Taylor, spelar òg på to spor, «Country Honk» go «Live With Me». Keith Richards, som alt hadde delt vokal med Mick Jagger på eit fåtal songar («Connection», «Something Happened to Me Yesterday» og «Salt of the Earth»), song sin første solovokal på ein Rolling Stones-song med «You Got the Silver».

I 1968 hadde Richards vore litt saman med Gram Parsons, som hadde forlate The Byrds kvelden før dei drog på turne i Sør-Afrika, i London. Dette møtet hadde stor innverknad på Richards sin smak for country og kanskje som følgje av dette spelte bandet inn honky-tonk-songen «Country Honk», ei raskare rock and roll-utgåve av songen som kom ut som deira neste singel, «Honky Tonk Women». Albumutgåva hadde med felespelaren Byron Berline, som arbeidde med Parsons seinare i karrieren hans. Parsons tok ofte æra for å ha arrangert «Country Honk», medan både Jagger og Richards har sagt at det var deira eige arrangement. Uansett hadde Parsons ved å introdusere bandet for tradisjonell country påverka denne musikalske endringa. Parsons spelte seinare inn si eiga utgåve av songen, som hadde element frå begge versjonane.

Plata vart innspelt under den siste perioden medan Jones var med i bandet (og i live). I tillegg til å verte rekna som ein av klassikarane til bandet, er han det andre av ei rekkje av det som vert rekna som dei fire aller beste studioalbum deira, Dei andre tre er Beggars Banquet (1968), Sticky Fingers (1971) og Exile on Main Street (1972).[2]

Let It Bleed kom ut i desember og nådde førsteplassen i Storbritannia, og tredjeplassen i USA. I Noreg gjekk albumet rett inn på andreplassen, og vart liggande der samanhengande i ti veker, heile tida bak The Beatles sitt Abbey Road. Albumet vart òg kritikarrost.

I 1998 stemte lesarane av musikkmagasinet Q albumet fram til 69. plass på lista over dei største albuma gjennom tidene, medan same magasin plasserte det på 28. plass over dei 100 største britiske albuma nokon gong. I 2001 plasserte fjernsynskanalen VH1 songen på 24. plass på lista deira over dei største albuma, og i 2003 hamna albumet på 32. plass på musikkmagasinet Rolling Stone si liste over dei 500 største musikkalbuma gjennom tidene.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Mick Jagger og Keith Richards, bortsett frå der andre er nemnde. 

Side ein
# Tittel Lengd
1. «Gimme Shelter»   4:32
2. «Love in Vain» (Robert Johnson) 4:22
3. «Country Honk»   3:10
4. «Live with Me»   3:36
5. «Let It Bleed»   5:34
Side to
# Tittel Lengd
6. «Midnight Rambler»   6:57
7. «You Got the Silver»   2:54
8. «Monkey Man»   4:15
9. «You Can’t Always Get What You Want»   4:15

Medverknade[endre | endre wikiteksten]

The London Bach Choir medverkar òg på songen «You Can’t Always Get What You Want», men dei bad om å ikkje verte nemnde på plateomslaget.[3]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Let It Bleed CD.
  2. Rolling Stone
  3. stonesvikings.com