Let There Be More Light
| Let There Be More Light Singel av Pink Floyd frå albumet A Saucerful of Secrets |
||
| B-side | Remember a Day | |
|---|---|---|
| Utgjeve | 19. august 1968 | |
| Innspelt | januar, mars, mai 1968 Abbey Road Studios i London |
|
| Sjanger | Psykedelisk rock, space rock | |
| Lengd | 5:39 | |
| Selskap | Tower Records | |
| Låtskrivar(ar) | Roger Waters | |
| Produsent | Norman Smith | |
| Pink Floyd-kronologi | ||
| «It Would Be So Nice» (1968) |
Let There Be More Light | «Point Me at the Sky» (1968) |
«Let There Be More Light» er den første songen til Pink Floyd på det andre albumet, A Saucerful of Secrets. Ei kortare utgåve vart òg gjeven ut som den fjerde singelen i USA av bandet. Singelen er sjeldan og består av ein redigert monoversjon av denne songen og «Remember a Day». Singelen gjekk ikkje inn på listene. Pink Floyd spelte songen ein del på konsertane sine i 1968 og 1969, ofte som ekstranummer.
Songen er skriven av Roger Waters. Songen omhandlar eit nært møte med eit utanomjordisk romskip. Han byrjar med ei gjentakande basslinje før vokalen startar. Det første songpartiet er sungen av Richard Wright medan Waters kviskrar teksten. Refrenget er sungen av David Gilmour. Dei siste to minutta inneheld den første gitarsoloen av Gilmour på eit Pink Floyd-album. Alt då kan ein kjenne att gitarstilen med mange av varemerka som Gilmour nytta i soloane sine, t.d. spelar han på ein enkel note og lyden av gitaren hans går gjennom fleire lydeffektar, som forvrenging og ekko.
Linja «as Lucy in the sky» er ein direkte referanse til songen «Lucy in the Sky with Diamonds» av The Beatles
Placebo-songen «Taste in Men» har ei opning med ei basslinje som er særs lik «Let There Be More Light»
Medverkande [endre]
- David Gilmour - Elektrisk gitarar, solovokal på refrenget
- Richard Wright - Farfisa og Hammondorgel, solovokal på versa
- Roger Waters - Bass, kviskrande vokal
- Nick Mason - Trommer og perkusjon