Let the Good Times Roll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Let the Good Times Roll
Singel av Shirley & Lee
frå albumet Let the Good Times Roll
B-side

«Do You Mean to Hurt Me So»

Utgjeve 1956
Innspelt New Orleans, 1956
Sjanger Rhythm and blues, rock and Roll
Lengd 2:30
Selskap Aladdin 3325
Låtskrivar(ar) Shirley Goodman, Leonard Lee
Shirley & Lee-kronologi 
«Feel So Good»
(1955)
Let the Good Times Roll «I Feel Good»
(1957)


«Let the Good Times Roll» er ein song som vart spelt inn av Shirley and Lee i 1956. Songen vart skriven av duoen Shirley Goodman (seinare Shirley Pixley) og Leonard Lee, og 8. september 1956 hadde han klartra til 20. plassen på den amerikanske singellista.

Songen har ein sterk, jamn rytme, spelt av trommeslagaren Earl Palmer. Songen var med på samlealbumet The Big 16 Golden Oldies gjeven ut av Scepter Records i 1964. Han vart òg nytta i filmen Stand By Me.

Songen er blitt spelt inn av mange andre artistar som Sonny & Cher, Bunny Sigler, The Righteous Brothers, Delbert McClinton, Barbra Streisand, The Searchers, Whiskey Howl, Joe Strummer, Harry Nilsson, Roy Orbison, Conway Twitty, Slade, Freddy Fender, Buckwheat Zydeco, The Animals, Fishbone, The Kingsmen, The Sonics og George Clinton med Red Hot Chili Peppers og Kim Manning.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]