Leticia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leticia
Frå hamna i 2008Foto: Valter Campanato
Frå hamna i 2008
Foto: Valter Campanato
Flagget til Leticia Byvåpenet til Leticia
Flagget til Leticia Byvåpenet til Leticia
Styresmakter
Land
Departement
Colombia
Amazonas
Grunnlagd 1867
Geografi
Flatevidd
 - By

5 968 km²
Innbyggjarar[1]
 - By (2005)
   - folketettleik

32 450
  5,4/km²
Koordinatar 4°13′″S 69°56′″WKoordinatar: 4°13′″S 69°56′″W
Høgd over havet 96 m
Diverse anna
Heimeside: www.leticia-amazonas.gov.co
Plassering
Colombia - Amazonas - Leticia.svg

Leticia er ein by i republikken Colombia, hovudstaden i Amazonas-departementet, den sørlegaste byen i landet (4,09 ° sør 69,57 ° vest) og den einaste store hamna i Colombia som ligg ved Amazonaselva. Han ligg 96 meter over havet og her er den gjennomsnittlege lufttemperaturen 27 °Celsius. Leticia har lengje vore utskipingshamna i landet for tropiske akvariefiskar. Leticia har ca. 33 000 innbyggjarar på vestre breidda av Amazonas, og ligg på det punktet der Colombia, Brasil og Peru møtast i eit område som blir nemnt Tres Fronteras.

Ein langvarig grensestvist mellom Colombia og Peru som mellom anna femna om territoriet for Leticia, vart avslutta med hjelp av Folkeforbundet i 1934 etter at desse to nasjonane var engasjert i ein væpna konflikt kjent som Colombia-Peru-krigen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tidleg historie og etymologi[endre | endre wikiteksten]

I den tidlege historia blir det nemnt ein portugisisk oppdagingsreisande som døydde av svolt saman med resten av mannskapet på staden der noverande Leticia ligg. Den peruanske kapteinen Benigno Bustamante, den gongen guvernør i Loreto-regionen, grunnla sjølve byen den 25. april 1867. Legenda seier at når den peruanske regjeringa vedtok å kolonisere området, for å hindre at den colombianske regjeringa kravde det først, fann dei eit kross innskrive med orda «San Antonio». Byen fekk først namnet etter denne krossen.

Den 15. desember 1867, vart hamna i San Antonio døypt om til Leticia av den peruanske ingeniøren Manuel Charon. Charon kalla opp hamna for å ære den unge kvinna Leticia Smith, busett i den peruanske byen Iquitos.

I 1911 fann det stad mindre samanstøytar på grensa mellom Peru og Colombia, og i 1922 nådde regjeringane i desse to landa ei kontroversiell semje om å gje Leticia-området til Colombia i byte for å anerkjenne Peru sine rettar i sona sør for elva Putumayo, territorium som òg vart hevda av Ecuador. Denne avtalen viste seg å vere upopulære blant den peruanske folkesetnaden, trass i at traktaten blei ratifisert i 1928. Grunnen var at traktaten vart inngått i løyndom, og at Colombia fekk tildelt ein region som hadde vorte grunnlagt av peruanarar og som hadde ein stor peruanske folkesetnad innanfor grensene.

Ei krigstilstode mellom Colombia og Peru om byen starta i september 1932 då to hundre peruanarar, seinare etterfølgt av militære troppar, okkuperte offentlege bygningar i Leticia. Mann-mot-mann kampar følgde mellom små colombianske og peruanske styrkjer i byrjinga av 1933. Konflikten varte til mai 1933, då ei våpenkvile forhandla fram av Folkeforbundet tredde i kraft for å avgjere konflikten. Folkeforbundet tildelte endeleg det omstridde området til Colombia i juni 1934.

Bybilete, Leticia
Foto: Sascha Grabow

Folkesetnaden i Leticia[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om intervensjonen av Folkeforbundet offisielt enda krigen, heldt den colombianske regjeringa fram sin skeptisk til peruanarar, og bestemte seg for å fylle Leticia med folk frå Bogotá for å sikre lojaliteten til Colombia. Dei fleste av menneska som kom frå Bogotá frå 1940 til 1965 lever framleis i Leticia i dag. Etter det har byen utvida seg kraftig, jamvel om industrien i byen er mykje den same med landbruk og turisme som dei viktigaste kjelder til inntekt.

1970-talet[endre | endre wikiteksten]

1970-talet vart ulovleg narkotikahandel ein ny måte å tene pengar på i denne regionen. På slutten av 1960-talet og på 1970-talet vart narkotiske stoff kjøpt og selt i fullt dagslys.

For Leticia, var dette ei tid for stor vekst. Fleire rike kartelleiarar bygde store hus, slik som Casa Grande og bidrog til økonomien. Narkotika vart frakta med lastebil til båtar på Putumayo. Dette var for å unngå frakt med fly. Konseptet var å byggje ein 70 km veg til den vesle byen Tarapacá. Dei første 12 km var alt som var ferdig før medlemmene til kartellet vart arrestert.

Stoffverksemda vart til slutt bremsa ned når nytt og tøffare politi vart ført til Leticia. Dei stoppa mange narkotikakartelleiarar i byen, og tok slike kjende stader som Casa Grande til fordel for regjeringa.

Nyare historie[endre | endre wikiteksten]

Lite har skjedd i byen dei siste tjue åra. I 2003 kom president Álvaro Uribe til regionen og lytta til det folk i byen var opptatt av i 12 timar. Han gav lovnad om å bringe inn hjelp til Leticia sin nedgåande økonomi, inkludert det å byggje ein filial av ei vidgjeten colombiansk feriestadkjede, Decameron, for å tiltrekke seg turistar og til hjelp mot sosiale problem. Seint i 2004 vart eit hotell leigd ut til Decameron og har sidan brakt meir turisme til området. I dag er det tre flyselskap som flyg frå Bogota til Leticia kvar dag: Aero Republica, AIRES og SATENA.

Turismen i Leticia har oppsving, og byen er i dag han nest største turistmål for utlendingar etter Cartagena. Internasjonale studentar reiser til Leticia å lære spansk. I fritida kan studentar og vitjande nyte attraksjonane nær byen som Mundo Amazonico Ecological Park.

Klima[endre | endre wikiteksten]

Leticia har eit tropisk regnskogklima med minimal skilnad i gjennomsnittleg høge og låge temperaturar gjennom året. Leticia har påviseleg våtare og tørrare månader, med mai som våtaste månaden med litt meir enn dobbelt så mykje nedbør som den tørraste månaden juli. Den gjennomsnittlege månadlege nedbørsmengda i byen er over 100 mm. Mal:Climate chart

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Folk[endre | endre wikiteksten]

Majoriteten av folkesetnaden i Leticia har migrert frå andre stader. Det er ikkje openberre dominerande fraksjonar, men innvandrarar frå Bogotá, Medellín og Tolima er mest talrike. Få menneske frå Cali bur i Leticia. Ein betydeleg del av Leticia sin folkesetnad består av innfødde amerikanske urfolk, i motsetnad til mestisar eller caboclos. Den rådande trenden for folk er å flytte frå samfunn i fjerntliggjande landsbyar inn til byen for å finne betre livsvilkår.

Mat[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om innbyggjarane ofte et dei same rettar kvar veke, er eit breitt utval av mat tilgjengeleg i Leticia. Rettar som er spesifikke for kvar av regionane i Colombia blir lagd her. Til dømes sancocho, ei mettande suppe med regionale variasjonar i ulike delar av Colombia. Men sjølv innanfor ein region, har kvar familie sin eiga oppskrift. Matrettar i Leticia inkluderer påverknader frå det brasilianske og peruanske kjøkken. Vanlege rettar i Leticia inkluderer elvefisk, lokalt kjøt, òg tidvis av vilt, ris, lokalt dyrka grønsaker og poteter. Måltida er vanlegvis kokte over ein vedfyrt omn i ei panne. Eit typisk sundagsmåltid kan bestå av grilla kjøt, steikt på provisoriske kolgrillar, servert med ris og kokebananar.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]