Letsie III av Lesotho

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Letsie III av Lesotho
Konge av Lesotho
Regjeringstid 12. november 1990 -
25. januar 1995
7. februar 1996 -
Fullt namn Letsie III
Titlar Konge av Lesotho
Fødd 17. juli 1963, Morija i Lesotho
Føregjengar Moshoeshoe II av Lesotho
Far Moshoeshoe II av Lesotho
Mor Mamohato av Lesotho

Letsie III av Lesotho (fødd 17. juli 1963) har vore konge av Lesotho i tida mellom 1990 og 1995 og sidan frå 1996. Han regjerer som konstitusjonell monark, og har for det meste seremonielle plikter.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Kong Letsie er son av kong Moshoeshoe II og dronning Mamohato. Ved fødselen blei han gjeven namnet Mohato Bereng Seeiso. Han blei seinare katolsk døypt og fekk namnet David.

Letsie er utdanna ved grunnskular i Lesotho og Storbritannia. I 1977 byrja han si vidaregåande utdanning ved Ampleforth College i Storbritannia, som han fullførte i 1980. Han studerte deretter i fire år ved National University of Lesotho, der han i 1984 fekk bachelorgrad i rettsvitskap.

Etter dette gjennomførte han studium ved universitet i Storbritannia. Han studerte først juss ved University of Bristol frå 1984 til 1986 og deretter utviklingsstudium ved University of Cambridge og landbruksøkonomi ved University of London. Etter studia vende han tilbake til Lesotho i 1989, der han i desember det året blei innsett som første høvding av Matsieng.

Konge[endre | endre wikiteksten]

12. november 1990 blei Letsie III konge for første gong etter at faren Moshoeshoe II var blitt tvingd i eksil i 1990. Fram til kroninga hadde dronning Mamohato vore regent. Regjeringstida til Letsie III fekk eit avbrot i 1995, då faren kunne venda tilbake og blei gjeninnsett på trona, men han døydde allereie i januar 1996 i ei bilulukke. Dronning blei igjen regent før Letsie III blei gjeninnsett som konge 7. februar 1996. Han blei kronet i hovudstaden Maseru den 31. oktober 1997.

Kongen vekte oppsikt internasjonalt i 2005 då han, trueg som den første monarken, offentleg lét seg HIV-testa som eit ledd i kampanjen mot sjukdommen i Lesotho.[1]

Familie og arvingar[endre | endre wikiteksten]

I 2000 gifta kong Letsie seg med Anna Karabo Mots'oeneng, som då blei dronning av Lesothp. Kongeparet har tre barn:

  • Prinsesse Mary Senate Mohato Seeiso, født 7. oktober 2001
  • Prinsesse M'aSeeiso, født 20. november 2004
  • Prins Lerotholi David Mohato Bereng Seeiso, født 18. april 2007

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]