Leucate

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Leucate er ein kommune i Sør-Frankrike som ligg i regionen Languedoc-Roussillon. Han ligg ved Middelhavet og har eit typisk søreuropeisk klima med varme somrar og lite nedbør. Kommunen har rundt 3 000 innbyggjarar og eit areal på 24 km². Leucate består hovudsakleg av fire område: Leucate village (landsby), Leucate plage (strand), la Franqui og Port-Leucate. Kommunen har dei siste åra blitt stadig meir turistbasert og opplever ei auka interesse frå skandinaviske turistar.

Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.