Lev Kamenev

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lev Lvovitsj Kamenev (russisk:Лев Льво́вич Ка́менев) (183426. januar 1886) var ein russisk landskapsmålar.

Liv og gjerning[endre | endre wikiteksten]

Lev Kamenev var truleg fødd i 1834, nokre kjelder seier 1833, i Rylsk i Kursk-guvernementet. Straks etter flytta faren med familien til Astrakhan. Lev var ei tid elev ved eit lokal gymnas, men fullførte ikkje skulegonga. Faren, som var kjøpmann, trong nemleg ein hjelpar i butikken sin og sette sonen i arbeid.

Bestefaren til den seinare så kjende målaren Konstantin Korovin vart merksam på Kamenevs interesse for og evner i måling. Denne gav Kamenev fem tusen rublar så han kunne studere ved kunstskule i St. Petersburg.

I 1854 for Kamenev til Moskva og byrja på 'Høgskulen i teikning, måling og arkitektur', saman med folk som Ivan Sjisjkin og Vasilij Perov. Fyrste tre åra studerte han under Karl Rabus. Etter denne døydde, gjekk han i lære hos Aleksej Savrasov. I 1858 fekk Kamenev tittel som profesjonell målar av tredje grad. Dei to neste åra reiste han utanlands, for å lære av vest-europeiske kunstnarar. Kamenev la ut på ferda til Tyskland og Sveits saman med Ivan Sjisjkin.

Kamenev måla sine beste bilete frå midten av 1860-åra og eit tiår framover. Gjennombrotet kom med måleriet Vinterveg (1866), eit bilete som fekk plass i Tretjakov-samlinga. I 1869 fekk Kamenev tittel som akademimålar, av typen landsskapmåleri. Verka Vinterutsyn frå utkanten av Moskva og Utsyn frå utkanten av Poretsjye danna grunnlaget for utnemninga. Han vart ein av grunnleggjarane av kunstrørsla Peredvizjnikij, og ein aktiv medlem. Mellom 1871 og 1884 tok Kamenev del i vandreutstillingane til foreininga.

Kamenev døde i 1886 i fattigdom og einsemd i slobodaen Savvinskaja i Moskva-guvernementet.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Lenke[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lev Kamenev