Lev Trotskij

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Trotskij i 1915.

Lev Trotskij (7. november 187921. august 1940) var ein sovjetisk kommunistisk leiar. Trotskij (rus. Лев Давидович Троцкий, førenamnet også transkribert som Leo, Leon osb.) organiserte bolsjevikrevolusjonen i Russland i oktober/november 1917, leidde Den raude armeen til siger under borgarkrigen og intervensjonskrigen 1918-1920, var den leiande personlegdomen i opposisjonen mot Stalin innanfor det sovjetiske kommunistpartiet og danna den Fjerde Internasjonalen (FI) i eksil (landflykt) i 1938.

Trotskij heitte opphavleg Bronstein, og kom frå ein jødisk familie i Ukraina. Han slutta seg tidleg til det illegale (ulovlege) russiske sosialdemokratiske partiet (som omfatta sosialistar i heile det russiske storriket, ikkje berre sjølve Russland), der han ikkje høyrde til nokon av hovudfløyene heile tida. Han hadde ei sjølvstendig stilling i partiet, og var delvis sterkt usamd med bolsjevikleiaren Vladimir Lenin. Pseudonymet (løyndenamnet) Trotskij tok han etter ein medfange han møtte da han sat i fengsel for ulovleg politisk aktivitet som ung mann.

I 1917 slutta Trotskij seg til bolsjevikane, fordi Lenin da etter Trotskij si meining gjekk over til hans politiske linje da han kom heim frå eksilet sitt. Også Trotskij kom heim frå eksil same året, og frå da av var han og Lenin kvarandre sine nærmaste medarbeidarar resten av Lenins liv.

Kontoret til Trotskij var åstaden for åtaket på han.

Lenin og Trotskij var dei tvillaust leiande personane i det tidlege sovjetregimet. Men da Lenin sjukna inn og seinare døydde, synte det seg at Trotskij ikkje hadde noka sterk stilling i systemet. I løynd hadde Josef Stalin bygd opp eit apparat som var loyalt overfor han, og Trotskij blei utmanøvrert. Andre leiarar skjønte ikkje at Stalin kunne bli farlege for dei også før det var for seint, og var med på å setje Trotskij til sides.

Trass i at stillinga hans blei stadig svakare, kjempa Trotskij ein lang og hard kamp mot Stalin og stalinismen, først innanfor kommunistpartiet til han blei ekskludert, sidan illegalt (ulovleg) utanfor partiet. I 1929 blei Trotskij landsforvist, og levde resten av livet i eksil (landflykt) i fleire land, mellom dei Noreg, før han blei drepen av ein stalinistisk agent i Mexico i 1940.

Arva etter Trotskij[endre | endre wikiteksten]

Grava til Trotskij ligg i Mexico.

Trotskij har skrive fleire viktige politiske skrift, mellom dei ei kraftig åtvaring mot Hitler, og mot at dei tyske stalinistane gjorde sosialdemokratane til hovudfiende mens nazismen truga med å ta makta i Tyskland («For arbeidareinskapsfront mot fascismen», 1931).

Den Fjerde Internasjonalen er etter Trotskij døydde blitt splitta fleire gonger, men finst framleis under namnet United Secretariat of the Fourth International (USFI).

Sjå òg artiklane om sosialisme, kommunisme, Vladimir Lenin, Julius Martov og Josef Stalin.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]