Levajok fjellkyrkje

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Levajok fjellkyrkje
kyrkje
Levajok fjellkyrkje
Foto: Illustratedjc
Kyrkjesamfunn Den norske kyrkja
Bispedøme Nord-Hålogaland
Prosti Indre Finnmark
Sokn Polmak
Fellesråd Polmak og Tana
Stad Levajok i Tanadalen
Type langkyrkje
Arkitekt sokneprest Kåre Kvammen og
borettleiar O. Hunsdal
Innvigd 9. søndag etter treeining, 19. august 1973
Døypefont Messingfat laga av Henrik Ellefsen
på ospestamme frå Levajok
Altartavle Skåre ut i bjørk av Nils Persen Magga
Sitjeplassar 60
Kart
Levajok fjellkyrkje
69°56′00″N 26°27′11″E / 69.9333°N 26.4531°E / 69.9333; 26.4531
Wikimedia Commons: Levajok fjellkirke

Levajok fjellkyrkje (Lævvajåga duoddargir’ko) ligg i Tanadalen i Polmak sokn i Indre Finnmark prosti. Levajok har vore preikestad frå gammalt av, ved at presten heldt husmøte på ettermiddagane nokre gonger i året. Frå 1962 var det ei fast høgmesse i Levajok for året. Desse gudstenestene vart heldt i heimen til Samuel Mikkelsen, ein av dei få fastbuande i Levajok, på den tida av året då reindriftssamane kom forbi. Gudstenestespråket var som oftast samisk.

I 1970 vedtok soknerådet i Polmak å reise ei fjellkyrkje på Levajok. Arbeidet vart i gjennomført med stor dugnadsinnsats og i hovudsak finansiert med lokalt innsamla middel. 19. august 1973 vart kyrkja vigsla av biskop Kristen Kyrre Bremer.

Kjelder:[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]