Levallois-Perret

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Levallois-Perret
Typisk gate i Levallois
Typisk gate i Levallois
Byvåpenet til Levallois-Perret
Byvåpenet til Levallois-Perret
Styresmakter
Land
Region
Departement
Frankrike
Île-de-France
Hauts-de-Seine
Geografi
Flatevidd
 - By

2,41 km²
Innbyggjarar
 - By (2005)
   - folketettleik

62 500
  25 934/km²
Koordinatar 48°53′40″N 02°17′18″EKoordinatar: 48°53′40″N 02°17′18″E
Høgd over havet 28 m
Diverse anna
Heimeside: www.ville-levallois.fr
Plassering
Levallois france.png

Levallois-Perret er ein kommune i dei nordvestlege forstadane til Paris i Frankrike. Han ligg 6,4 km frå Paris sentrum, men har eigen bystatus, og med eit folketal på rundt 60 000 innbyggjarar fordelt på berre 2,4 km² er han ein av byane i Europa med høgast folketettleik.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Namnet Levallois-Perret kjem frå frå to bustadprosjekt (Levallois og Champerret) påbyrja av landeigar Jean-Jacques Perret i 1822 (Champerret) og utviklar Nicolas-Eugène Levallois i 1845 (Levallois), som førte til at begge namna vart nytta i kommunen.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før den franske revolusjonen låg det ein landsby kalla Villiers og ei grend kalla Courcelles på staden. Desse har i dag gjeve namn til to metrostasjonar i området. Då kommunane vart oppretta under den franske revolusjonen, vart desse ein del av kommunen Clichy, medan kommunen Neuilly-sur-Seine strekte seg over det som i dag er sørvestlege delar av Levallois-Perret.

Landeigar Jean-Jacques Perret byrja å byggje bustadar i 1822 i den nordaustlege delen av kommunen Neuilly-sur-Seine, på ein stad som snart vart kalla Champerret («champ perret» tyder «sletta til Perret»), som har gjeve namn til ein av stasjonane til Paris Métro. I 1845 starte Nicolas-Eugène Levallois eit bustadprosjekt for landeigar André Noël i hans område nær La Planchette (i kommunen Clichy). Området som Nicolas-Eugène Levallois utvikla vart snart kjend som Village Levallois.

I 1860-åra hadde Village Levallois og Champerret vakse saman til eit samanhengande område, og fleire kravde då at desse skulle verte slått saman til ein kommune.

30. juni 1866 vart kommunen Levallois-Perret til slutt utskild frå Clichy der Village Levallois stod, og slått saman med delen frå Neuilly-sur-Seine der Champerret stod.

Levallois-Perret vart eit viktig senter for den tidlege franske bilindustrien med selskap som Clément-Bayard, Delage og karosseritilvirkaren Chapron. Citroën kjøpte Clément-Bayard-fabrikken og den vidkjende Citroën 2CV vart produsert i Levallois i nesten førti år. Levallois-Perret var òg eit viktig senter for kosmetikkindustrien tidleg på 1900-talet.

Dei nordlege delane av den kjende Ile de la Jatte i elva Seinen, der franske impresjonisme-målarar laga mange av sine meisterverk, ligg i kommunen Levallois-Perret.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Levallois-Perret