Levande lys

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Levande lys i samband med kinesisk nyttår. (Foto: Anthony Hartman)
Levande lys. (Foto: Jeff Cook)

Levande lys eller levande ljos er små flammar på ei veike som vert brukte for å gje eit dempa lys. Før elektrisiteten kom inn i dei fleste heimane var levande lys den einaste måten å sjå på etter at det var blitt mørkt. I dag bruker ein lysa mest for å skapa ei stemning, utføra ei symbolsk handling, eller som del i ei religiøs høgtid.

Korleis verker levande lys?[endre | endre wikiteksten]

Det levande lyset får ein ved at veiken trekker til seg flytande feitt, som gjev nok energi til å halda vedlike ein roleg flamme. Dersom feittet er av dårleg kvalitet, vil flammen flakka og spruta.

Flammen til eit lys kan delast inn i fire ulike varmeområde. Området nær veiken er blått og er 1200-1400 grader. Det fargelause området like utanfor er kaldare, 800-1000 grader. Temperaturen i den lyse sonen er på rundt 1200 grader, medan den ytste delen er varmast, 1400 grader.

Brannfare[endre | endre wikiteksten]

Levande lys er ein hyppig brannårsak. I 1999 var levande lys opphavet til 93 husbrannar i Noreg. Bruk av bar eld er årsaka til meir enn 20 % av bygningsbrannane i Noreg i 2005 i følgje Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap. Levande lys har ulik kvalitet, dette saman med bruk utanfor tilrådde retningsliner er grunnen til mange av brannane.

Ulike lyskjelder[endre | endre wikiteksten]

Det finst ulike måtar å laga levande lys på. I Nord-Europa er nå det vanleg å la smelta stearin kjølast rundt ein veike, slik at me får stearinlys. Andre former for feitt, som voks, talg og parafin, kan òg brukast for å laga stive lys. I Sør-Europa og Asia er det derimot vanleg å bruka grunne oljelampar, fylt med til dømes olivenolje eller sesamolje, som veiken flyt nedi.

Parafinlampar og lanterner er døme på lampar som gjev levande lys og har vore brukt over heile verda før ein fekk elektrisitet.

Bruk[endre | endre wikiteksten]

Religiøs bruk[endre | endre wikiteksten]

Buddhismen[endre | endre wikiteksten]

Lys forma som lotusblomar i eit buddhisttempel i Kina. (Foto: Noé Lecocq)

Lys er ofte ein del av buddhistiske tempelritual, og blir gjerne brukte saman med røykjelse og blomar.

Høgtider kan markerast med levande lys, til dømes ved å ber dei rundt eit tempel. Under vassa, regntida der munkar trekker seg tilbake til tempel for å kvila og meditera, blir dei ofte gjevne store lys av dei truande. I samband med dette held ein opptog med digre vokslys i Thailand. Phiti hae prasat peung (พิธีแห่ปราสาทผึ้ง) i Ubon Ratchatani er den mest kjende.

Lys kan òg bli brukt som hjelpemiddel under meditasjon.

Hinduismen[endre | endre wikiteksten]

Hinduar set ut lys i Ganga.

Heime hjå religiøse hinduar er det vanleg å tenna ein oljelampe i husalteret om morgonen som brenn heile dagen. Hinduhøgtider vert ofte feira med eit utal levande lys som ein til dømes kan senda av garde på ei heilag elv eller fylla rom eller tempel med. Den viktigaste lysfesten er dipavali, då ein tenner oljelampar over heile India.

I Sør-India er det òg vanleg å tenna ein lampe kvar gong ein byrjar med noko nytt og ønskjer ei god byrjing.

Jødedommen[endre | endre wikiteksten]

I jødedommen tenner ein lys av tre hovudgrunnar: Symbolsk markering av Guds nærleik, markering av skilje og markering av minne.

Ner tamíd: I Tempelet i Jerusalem brann alltid menoraen, eller den sjuarma lysestaken. Denne var uttrykk for Guds nærleik og skulle alltid brenne. I synagogar har ein òg eit slikt «evig lys», eller «ner tamíd». Dette lyset, som er eit minne om den sjuarma lysestaken i Tempelet, er oftast raudt og har tradisjonelt vore eit levande lys. I dag blir normalt elektrisk lys bruka i staden.

Lys brenn i den åttearma lysestaken under hanukká.

Minnet om lysunderet: Dei åtte dagane i hanukká tenner ein minst eitt nytt lys kvar dag. Desse lysa er heilage, og ein skal ikkje bruka lyset deira til å gjera verdsleg arbeide.

Skiljet mellom kvardag og helg; eit minne om boda: I jødedommen tenner ein to levande lys føre solnedgang på fredagskvelden for å markera byrjinga av kvar sabbat og høgtid. Dette markerer, i tillegg til skiljet mellom arbeid og helg, minnet om høgtidene som jødar er pålagde å halde og hugse.

Skiljet mellom helg og kvardag: Ei stund etter solnedgang på laurdag kveld og etter høgtider tenner ein eit lys som hovuddelen av habdaláseremonien som markerer skiljet mellom helg og kvardag og byrjinga på den nye veka. Om ein høgtidsdag byrjar på laurdag kveld seier ein habdalá for skiljet mellom helg med fullt arbeidsforbod og helg med delvis arbeidsforbod.

Minnet om døde: Under sjibá (sørgjeveka) etter dødsfall i familien brenn ein eit minnelys. På kvar årsdag for nære slektningar — òg kalla jahrzeit eller nahalá, tenner ein eit lys for å minnast den døde. Dette er ein opphavleg askenasisk skikk som har spreidd seg til sefardiske og mizrahiske jødar.

Det er vanleg å tenna levande lys i katolske kyrkjer.

Kristendommen[endre | endre wikiteksten]

I kristendommen, særleg katolisismen, tenner ein gjerne lys i samband med bøner, som når ein ber for sjelen til ein avdød. Det er vanleg å ha levande lys brennande under gudstenesta.

I adventstida tenner mange adventslys kvar søndag, eitt lys for kvar adventssøndag fram til julafta. Luciadagen vert òg markert i Sverige og Noreg med levande lys, gjerne i ein krans i håret til jenta som opptrer som den heilage Lucia. Det er òg vanleg å bruka kalenderlys med nummer som ein brenn vekk kvar dag medan ein ventar på julafta.

Symbolsk bruk[endre | endre wikiteksten]

Det levande lyset står ofte som eit symbol mot ulike former for mørke, som vondskap og uvit. Innan sekulær humanisme står det for fornuft.

Mellom anna er logoen til Amnesty International er eit stearinlys kransa inn av piggtråd. Tenning av levande lys er vanleg på humanistiske arrangement.

Annan bruk[endre | endre wikiteksten]

Lys på ei bursdagskake.

Levande lys blir brukte til å skapa stemning, til dømes ved eit høgtideleg måltid eller ei bursdagsfeiring, der ei kake gjerne blir pynta med same talet på lys som bursdagsbarnet fyller. Etter kvart som alderen på den som feirar stig, kan ein gå over til å brenna eit lys forma som talet på år dei fyller.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Levande lys

God artikkel