Levanger kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Levanger kommune
Våpen Kart
Komm.nr. 1719
Fylke Nord-Trøndelag
Adm.senter Levanger
Areal 656 km²
Folkemengd 19 078 (1. jan 2012)
Politikk
Ordførar (2007-) Robert Svarva (Ap)
Målform Nøytral
Nettstad www.levanger.kommune.no
Folketalsutvikling 1951-2010[1]
Befolkningsutvikling kommune 1719.svg
Levanger kommune på Commons

Levanger kommune ligg i Nord-Trøndelag fylke. Han grensar i nordaust mot Verdal, i sør mot Stjørdal og i sørvest mot Frosta. Over Trondheimsfjorden ligg Inderøy kommune. Det som i dag er Levanger kommune er eit resultat av kommunesamanslåingsprosessen i 1962 og 1964, og var tidlegare kommunane Levanger, Skogn, Frol, Åsen og Ytterøy.

Byen Levanger ligg ved Trondheimsfjorden. Han har hatt bystatus to gonger, fyrst frå 1836 og fram til kommunesamanslåinga i 1962, deretter fekk han igjen bystatus i 1997. Hovudnæringar i kommunen er jordbruk med sine 120 km² med jordbruksareal, industri og offentleg verksemd.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

Det finst spor av handel i Levanger-området heilt frå jarnalderen. Byen ligg sentralt, med tilgang til sjøen, veg og jarnbane til Jamtland i Sverige og Trondheim i sør.

Den viktigaste industriverksemda i Levanger kommune er Norske Skogs papirfabrikk som sysselset om lag 650 årsverk på tettstaden Skogn. Gjennom 1990-talet har det vore freistnader på å byggje eit gasskraftverk i tilknyting til papirfabrikken, noko som vart godkjent av Stortinget. Planane er igjen aktuelle etter at gassrøyrleidning inn Trondheimsfjorden ser ut til å koma på plass (2005).

Sjukehuset Levanger har om lag 1000 årsverk, og er såleis den største einskildverksemda i fylket.

Kjende personar frå Levanger[endre | endre wikiteksten]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]