Leve Patagonia

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

«Leve Patagonia» er eit musikkverk av Ketil Bjørnstad utgjeve på LP i 1978, seinare òg utgjeve på CD. Verket er skrive som ei moderne suite, og tek for seg historia om Hans Jæger og Kristiania-bohemen. Bjørnstad synte allereie den gongen ei sterk interesse for og kunnskap om bohemrørsla. Utgjevinga inneheld den lange artikkelen Om Jæger, bohemen og det som hendte senere, skriven av Bjørnstad. Kvar enkelt song har ei forklaring, som seier noko om den historiske bakgrunnen. Bjørnstad har seinare fordjupa seg endå meir i dette stoffet, og utgjeve fyldige bokverk om Oda Lasson i «Oda!» (1983) og Hans Jæger i «Jæger» (2001). «Leve Patagonia» er basert på faktiske hendingar, og Bjørnstad sjølv karakteriserer verket som «en hyllest til en gruppe mennesker som på ingen måte var feilfrie, men som våget å kjempe for det de trodde på». Tittelen «Leve Patagonia» spelar på at fleire i bohemkrinsane trudde dei kunne skapa seg eit nytt liv i eit land langt vekke, til dømes i Patagonia.

«Leve Patagonia» rommar eit stort historisk persongalleri, sunge av nokre av dei fremste songarane innan visetradisjonen i Skandinavia. Den mest kjente songen frå «Leve Patagonia» er Sommernatt ved fjorden.

Jæger ror -
og Oda sitter foran i en pram
som de har tatt
Jeg står ved vinduet i natt
og en fiol er min trøst
Snart vil sommervinden varsle høst
Men lyset er i nord
Vær velsignet, du som ror

Leve Patagonia vart innspela i Rosenborg Studios i Oslo, og utgjeve på Polygram records. Produsent var Svein Erik Børja. Grafisk formgjevar var Bruno Oldani.

Rolleliste[endre | endre wikiteksten]

Musikarar[endre | endre wikiteksten]