Levi Henriksen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Levi Henriksen
Levi Henriksen.jpg
Nasjonalitet Norsk
Fødd 15. mai 1964 (49 år), Kongsvinger
Yrke Forfattar, journalist, musikar
Periode 1999-
Debut Lille Norge i store Alaska

Levi Henriksen (fødd 15. mai 1964 i Kongsvinger)[1] er ein norsk forfattar, journalist og musikar. Han har gitt ut novellesamlingar og roman på forlaget Gyldendal Norsk Forlag, samt essaysamling, antologi og andre bøker på sitt eige forlag, Magerdal forlag.

Henriksen er kjent for å legga handlinga i verka sine til den oppdikta bygda Skogli, der han skildrar livet til bygdefolket på godt og vondt. Bygda er basert på den verkelege bygda Granli, som ligg nokre kilometer utanfor Kongsvinger i Hedmark fylke.

På sitt eige forlag har han mellom anna gjeve ut antologien Mannen som ikke var fra Kongsvinger, ein hyllest til Kongsvinger då heimbyen hadde 150-årsjubileum i 2004. Tittelen er henta frå ei novelle av Aksel Sandemose frå 1954, som opnar antologien. Forfattarar som Vidar Kvalshaug, Håkon Ohlgren, Heidi Linde, Bengt Berg og Alf Kvasbø medverkar òg.

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Lille Norge i store Alaska – med Jens Haugen (foto) reiseskildring (1999)
  • Fra Magerdalen til Elvis Presley Boulevard – essaysamling (2000)
  • Feber – novellesamling (2002)
  • Ned Ned Ned – novellesamling (2003)
  • Snø vil falle over snø som har falt – roman (2004)
  • Bare mjuke pakker under treet – novellesamling (2005)
  • Babylon Badlands – roman (2006)
  • Den aller siste Mohikaner – roman (2006)
  • Trekkspilltvillingene – roman, (2007)
  • Alt det som lå meg på hjertet – novellesamling (2009)
  • Kjære deg min kjære – lyrikk (2010)
  • Lukten av propan om morgenen – roman (2010)
  • Dagen skal komme med blå vind – roman (2011)
  • Engelen ved djevelgapet – ungdomsbok (2012)
  • Postkort fra alle tings utkant – essaysamling (2012)

Plater[endre | endre wikiteksten]

  • Greetings From Stuckville – Heart of Mary - bassist og låtskrivar (1989)
  • Herfra til Rockaway Beach – Levi Henriksen og Thomas Mårud - bassist og låtskrivar (2005)

Prisar og utmerkingar[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Levi Henriksen (15.05.1964). forfatterkatalogen.no. Vitja 12. februar 2013.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]