Levon Aronian

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Levon Aronjan)
Levon Aronian


Statsborgarskap Armenia, Americain, Tyskland, USA
Fødd 6. oktober 1982 (41 år)
Jerevan
Idrett sjakk
Tok del i

Sjakk-OL 1996, Sjakk-OL 2004, Sjakkolympiaden 2006, Sjakk-OL 2008, Sjakk-OL 2010, Sjakk-OL 2012, Sjakkolympiaden 2014, Kandidatturneringen i London 2013, Candidates Tournament 2014, Verdsmeisterskapen i sjakk 2007, Kandidatturneringen 2018, Sjakkolympiaden 2018

Utmerkingar

Sankt Mesrop Mashtots-ordenen, Æresborger av Jerevan, Medaljen for fedrelandstjeneste av 1. klasse, Khorenatsi-medaljen, Medaljen for fedrelandstjeneste

Levon Aronian (fødd 6. oktober 1982) er ein armensk sjakkspelar. På Verdssjakkforbundet FIDE si ratingliste per 1. april 2008 hadde han ein FIDE-rating på 2763, og var dermed rangert som verdas sjette beste sjakkspelar.

I mars 2006 vann Aronian overraskande superturneringa i Linares.[1]

Han deltok også i 2006 for første gong i blindsjakk og hurtigsjakkturneringa Melody Amber som vart arrangert for 15. gang i tida 18.-30. mars 2006.[2]

I 1994 vart han verdsmeister for spelarar under 12 år, og i 2002 vann han verdsmeisterskapen for juniorar.

I desember 2005 vann Aronian over Ruslan Ponomarjov frå Ukraina i siste runde, og vann dermed Verdscupen i sjakk i Khanty-Mansijsk i Russland. Dette kvalifiserte han til kandidatturneringa for verdsmeisterskapen i sjakk i mai/juni 2007. Her møtte han i kvartfinalen Magnus Carlsen, som mot alle odds kapra den siste kvalifiseringsplassen i den same verdenscupen. Aronian vann kvartfinalen med 7-5 etter eit jamnt og spennande oppgjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. http://www.marca.com/linares/2006/clasificacion.html
  2. arkivkopi, arkivert frå originalen 26. mai 2008, henta 28. juni 2008 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]