Levon Helm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Levon Helm
LevonHelmWoodstockNY2004.jpg
Levon Helm spelar i 2004 i Village Green i Woodstock i New York.
Verkeleg namn Mark Lavon Helm
Fødd 26. mai 1940, Marvell i Arkansas i USA
Instrument Vokal, trommer, mandolin, gitar, bass, munnspel
Sjanger Rock and roll, rhythm and blues, rock, blues, country, folk
Aktive år 1957 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar, skodespelar, plateprodusent
Tilknytte artistar The Band, Ronnie Hawkins & The Hawks, Bob Dylan, Levon Helm's Ramble on the Road, Levon Helm and The RCO All-Stars, Ringo Starr & His All-Starr Band
Plateselskap Capitol, Mobile Fidelity, MCA, Breeze Hill, Levon
Nettstad www.levonhelm.com

Mark Lavon «Levon» Helm (26. mai 194019. april 2012) var ein amerikansk rockemusikar og multi-instrumentalist, som var mest kjend som trommeslagar og ofte solovokalist i The Band. Helm var kjend for den djupe, sjelfulle, countryaktige stemma og den kreative trommestilen frå innspelingane til The Band, som på «The Weight», «Up on Cripple Creek», «Ophelia» og «The Night They Drove Old Dixie Down». For albumet Dirt Farmer frå 2007 vann han Grammyprisen for beste tradisjonelle folkealbum, og i november same år rangerte musikkmagasinet Rolling Stone han som den 91. beste songaren gjennom tidene.[1]. I 2010 vann han med Electric Dirt frå 2009 Grammyrpisen for beste americanaalbum, ein kategori som var nystarta dette året.[2]

Helm hadde roller i filmane Coal Miner's Daughter, The Right Stuff og The Three Burials of Melquiades Estrada.

Siste bandet Helm spelte i var bluesgruppa The Levon Helm Band, der òg dottera, Amy, spelte.

Han har gjeve ut sjølvbiografien This Wheel's on Fire, der han er særs kritisk til bandmedlemmen Robbie Robertsen si rolle under oppløysinga av The Band.

Hyllester[endre | endre wikiteksten]

  • Marc Cohn skreiv songen «Listening to Levon» i 2007.
  • «The Man Behind the Drums», skriven av Robert Earl Keen og Bill Whitbeck, på Keen sitt The Rose Hotel
  • Elton John-songen «Levon» er kalla opp etter han.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]