Lewis

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lewis
Lokalt namn: Leòdhas 
Geografi
Lewis is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°13′13″ N 6°22′59″ WKoordinatar: 58°13′13″ N 6°22′59″ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 1770 km²
Høgaste punkt Mealisval (574 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Stornoway
Demografi
Folketal 18 489 (2001)
Folketettleik 10,4 /km²

Lewis (skotsk-gælisk Leòdhas) òg kalla Isle of Lewis, er den nordlege delen av øya Lewis og Harris, den største øya i Hebridane i Skottland. Ho har eit areal på 1 770 km²[1]

Lewis er generelt den lågareliggande delen av Lewis og Harris, og den andre delen, Harris er meir fjellendt. Den einaste byen på øya, Stornoway, ligg på Lewis, og her bur tre fjerdedelar av alle innbyggjarane i Ytre Hebridane.

Lewis har ein presbyteriansk tradisjon med ei rik historie. Ho var ein gong ein del av det norske Kongedømet Man og øyane. Livet er i dag ganske annleis andre stader av Skottland med sabbat, gælisk språk og torvkutting. Lewis har ei rik kulturarv med mange segner og myter, samt ein lokal litteratur- og musikktradisjon.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Mot åsane på Lewis

Det har vore folk på Lewis i minst 8000 år, noko dei forskjellige steinane, og rester av svibruk som gjorde det mogeleg å innføre rein til øya syner. Arkeologiske utgravingar syner at dei eldste busetnadene er 5000 år gamle, og dei fleste av desse er steinhus i området rundt Carloway og strendene Dail Mòr.

Callanish/Calanais er vanlegvis skildra som Skottland sitt svar på Stonehenge, men ingen veit kva steinsirklane vart nytta til, men det er mellom anna vurdert som retningslinjer for ulike sol- og månerelaterte hendingar.

Etter det skotske opprøret i 1745 vart det forbode med gæliske tradisjonar og kultur. Det var mellom anna ikkje lov å ha på kilt, synge waulking-songar, men språket døydde likevel ikkje ut. Dette førte mellom anna til at mange skottar emigrerte til Nova Scotia i Canada. Nova Scotia tyder Ny-Skottland.

Plante- og dyreliv[endre | endre wikiteksten]

Dyrelivet på Isle of Lewis er ofte sett på som unikt og bortsett frå havørn, hjort og fleire selartar, finn ein òg sjeldan flora på øya, samt den eldste bergarten i Europa, Lewissian gneis.

Demografi og kultur[endre | endre wikiteksten]

Svarthuslandsbyen Garenin

Mesteparten av folkesetnaden på Lewis er presbyterianarar. Søndagen er framleis kviledag, og alle butikkar og restaurantar er derfor stengde, med få unntak i Stornoway der nokre restaurantar er opne. Det gæliske språket står sterkt på Lewis, og er morsmålet i mange tilfelle. Landsbyen Nis nord på øya har den største delen skotsk-gælisk-talande i verda.

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Dei ståande steinane ved Callanish
  • Callanish Standing Stones; ståande steinar. Består av fleire små steinsirklar.
  • Dùn Charlabhagh Broch, eit vakttårn frå jernalderen
  • Jernalderhus på Bostadh
  • Garenin Blackhouse Village
  • St. Columba's Church i Aignish
  • Team Pulls Mholuaidh i Nis
  • Clach en Truiseil - ein av dei mange bautaene på øya
  • Clach Na Thursa i Carlabhagh
  • Bonnie Prince Charlie-monumentet i Arnish
  • Lews Castle
  • Klippene på Butt of Lewis
  • Strendene i Uig
  • Tràigh Tolsta
  • Tràigh Dail Mòr
  • Nis
  • Hamna i Stornoway, samt sjølve byen

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Thompson, Francis (1968) Harris and Lewis. Newton Abbott. David & Charles. s. 15.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lewis