Lewis og Harris

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
For meir om dette emnet, sjå Lewis og Harris i Ytre Hebridane.
Lewis og Harris
Lokalt namn: Leòdhas is na Hearadh
Geografi
Lewis og Harris is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 58°15′0″ N 6°40′1″ WKoordinatar: 58°15′0″ N 6°40′1″ W
Øygruppe Ytre Hebridane
Areal 2178,98 km²
Høgaste punkt Clisham (799 moh.)
Administrasjon
Land Skottland
Region Ytre Hebridane
Største busetnad Stornoway
Demografi
Folketal 19 918 (2001)
Folketettleik 9,1 /km²

Lewis og Harris (engelsk Lewis and Harris[1], skotsk-gælisk Leòdhas agus na Hearadh, norrønt Ljóðhús ok Hérað) er den største øya i Skottland go den tredje størate øya i Dei britiske øyane etter Storbritannia og Irland. Ho har eit areal på 2 179 km². Øya ligg nordvest i øygruppa Hebridane på vestkysten av Skottland.

Satellittbilete av Lewis og Harris

Den nordlege delen av øya heiter Lewis og den sørlege Harris. Dei to delane vert vanlegvis omtalt som to forskjellige øyar (Isle of Lewis og Isle of Harris), sjølv om dei i røynda heng i saman og er to delar av same øy. Heile øya har ikkje noko felles namn, verken på engelsk eller gælisk. The Long Island har vorte nytta,[2] (skotsk gælisk: an t-Eilean Fada), men dette er eit namn som normalt vert nytta om heile øyrekka i Ytre Hebridane.[3] Heile øya vert òg nokre gonger berre kalla Isle of Lewis.

Grensa mellom Lewis og Harris går frå fjorden Loch Resort på vestsida til fjorden Loch Seaforth på austsida. Skiljet går altså ikkje der øya er smalest, ved Tarbert på Harris. Harris består for ein stor del av fjellandsskap, medan Lewis har eit flatere landskap. Det høgaste punktet på øya er Clisham som er 799 meter over havet.

Administrativt høyrer øya til Ytre Hebridane (skotsk gælisk Na h-Eileanan Siar, engelsk Western Isles / Outer Hebrides). Tidlegare var Harris ein del av Inverness-shire, medan Lewis var ein del av Ross and Cromarty.

Lewis og Harris vert òg nytta som fellesnamn på alle øyane nord i dei ytre Hebridane. Til denne øygruppa høyrer då utaom Lewis og Harris dei busette øyane Great Bernera (gæliskBeàrnaraigh Ùig) og Scalpay (gælisk Sgalpaigh), og dei no folketomme øyane Taransay (gælisk Tarasaigh) og Scarp (gælisk An Sgarp).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Òg variantar som Lewis with Harris, Harris and Lewis osv. finst
  2. Encyclopedia Britannica (1911) Lewis-with-Harris.
  3. Murray, W.H. (1966) The Hebrides. London. Heinemann. s. 2