Lewisham

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lewisham

Lewisham High Street
Lewisham High Street
Plassering
Lewisham is located in
Styresmakter
Land Flag of the United Kingdom.svg Storbritannia
Konstituerande land Flag of England.svg England
Grevskap Stor-London
Distrikt Lewisham
Geografi
Koordinatar 51°28′″N 0°0′″WKoordinatar: 51°28′″N 0°0′″W
Diverse annan informasjon
Postnummer SE13
Telefon-retningsnummer 0 20
Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Lewisham

Lewisham er eit område i London. Det har gjeve namn til bydelen Lewisham.

Staden er eit viktig transportknutepunkt. Han ligg ved A20 mot Dover, og ved starten på A21 til Hastings. Lewisham har eigen bussterminal, jernbanestasjon og den sørlege endestasjonen på Docklands Light Railway.

Lewisham var tidlegare ein landsby utanfor London. På 1400-talet bygde den dåverande soknepresten, Abraham Colfe, to skular og seks fattighus der. Sentrum låg då lenger sør enn i dag, der Universitetsykehuset i Lewisham no ligg. Flyttinga nordover kom etter 1849, då tilkoma til jarnbana gjorde det til ein attraktivt stad for pendlarar.

I 1944 vart Lewisham bomba, med store øydeleggingar. Ein minneplakett om dette er sett opp ved Lewisham kjøpesenter, som opna i 1977. Delar av hovudgata, High Street, som er spesielt brei og lang for ein hovudgate i ein Londonbydel, vart i 1994 gjort til gågate. Det vert dagleg halde ein gatemarknad.

Eit lokalt landemerke, the Clock Tower, vart ferdigstilt i 1900 etter at konstruksjonen starta i samband med dronning Victoria av Storbritannias diamantjubileum i 1897.

Den nye politistasjonen, som opna i 2004 for å erstatte stasjonen i Ladywell, blir rekna som ein av dei største i Europa.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]