Leyte

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Leytes plassering i Visayas i Filippinane

Leyte er ei øy aust i øygruppa Visayas i Filippinane. Norddelen av øya ligg vest for øya Samar, mellom dei to øyane går det inntil to kilometer trange San Juanico-sundet. Sør for Leyte skil Surigaosundet øya frå austdelen av den store øya Mindanao. Aust for Leyte og nord for Mindanao breier Leytebukta seg, som vidare mot aust går over i Filippinarhavet. Vest for Leyte skil Canigaokanalen øya frå øyane Cebu og Bohol.

Leyte har eit flatemål på 7 368 km². Øya er om lag 180 kilometer lang i retning nord-sør, og 65 km på det breiaste. Ho er svært rik på fjell, mellom anna to aktive vulkanar, og i all hovudsak dekt av skog.

I kring 1,95 millonar menneske er busett på Leyte, dei allar fleste ibuarane er kristne og soknar til katolisismen. Sør og vest på øya talar ein cebuano, medan ein i nord og aust talar waray. Dei mest folkerike byane på Leyte; Tacloban og Ormoc, ligg på høvesvis austsida og vestsida av øya.

Leyte er kjend for fleire slag som fann stad her under andre verdskrigen, mellom anna slaget ved Leytebukta.

Dagane 7. og 8 november 2013 herja Tyfonen Haiyan heile øya Leyte og fleire kringliggjande øyar.

10°38′N 124°56′E

Kjelder[endre | endre wikiteksten]