Lhanbryde
|
Lhanbryde |
||
|---|---|---|
| skotsk-gælisk | Lann Brìghde | |
| St. Andrew's Road South er hovudgata i Lhanbryde | ||
| Plassering | ||
|
|
||
| Styresmakter | ||
| Land | ||
| Konstituerande land | ||
| Region | Moray | |
| Geografi | ||
| Koordinatar | Koordinatar: | |
| Diverse annan informasjon | ||
Lhanbryde (skotsk-gælisk Lann Brìghde) er ein landsby i regionen Moray i Skottland, rundt 6,5 km austom Elgin. Tidlegare gjekk motorvegen A96 gjennom byen, men den tungt trafikkerte hovudvegen vart ført i ein boge utanfor landsbyen tidleg på 1990-talet.
Historie [endre]
Lhanbryde har ei historie som går tilbake meir enn 3000 år. Som bynamnet indikerer var staden ein gong eit piktisk sete og det er òg fleire ståande piktiske steinmonument som vitnar om den piktiske kulturen. Lhanbryde tyder truleg «Kyrkje(staden) for sankt Bride», men det er uklart kvifor namnet er verna i ei walisisk form då det i 1215 vart nedteikna som Lamanbride, Lambride på slutten av 1300-talet, Lambry på 1600-talet og Longbride i 1750[1]
Kyrkja som landsbyen er vorte oppkalla etter er bortimot heilt forsvunne. Kyrkjegarden ligg på nordsida av hovudgata. Nokre få ruinar av kyrkja som enno er synlege, og ho var truleg den siste av ei rekkje kyrkjebygg på staden, og var allereie i 1796 forlate og riven. Eit medlem av Tempelriddarordenen er gravlagt i kyrkjegarden.
Arkeologiske utgravingar har frambrakt restane av ei rekkje vollgraver i Lhanbryde som har vorte tolka som ausesystem eller vassløp for ei kvern eller mølle. På nordsida er det restar av ein mogleg tørkeomn for korn der brunnen havre og keramikk indikerer 1200-talet[2].
Dagens Lhanbryde [endre]
Elevar frå den lokale grunnskulen, Lhanbryde Primary School, går no anten til Milnes High School eller den eine av dei to vidaregåande skulane i Elgin, avhengig kor dei bur. Lhanbryde er òg heimstaden til den britiske DJen Steven Foy (Foys Discotecka) og det var på Elgin High School han framførde settet som gav han merksemd hos musikkprodusenten Mike Mahoolihan i Aberdeen.
Folkesetnaden i Lhanbryde består i dag av rundt 2000 menneske. Village Hall dannar sentrum for Lhanbrydes moderne busetjing. Hovudgata som går i ein kurve har med tradisjonelle skotske småhus på begge sider.
Det lokale fotballaget heiter Lhanbryde United FC.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lhanbryde» frå Wikipedia på bokmål, den 4. november 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene: