Li Bai

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Li Bai.

Li Bai eller Li Po (李白) (701762) var ein kinesisk diktar som levde under Tang-dynastiet. Han og Du Fu er rekna som dei største diktarane innan kinesisk litteratur. Li Bai er kjend for ei rekkje dikt eller «songar» (yuefu og gexing) med fantasifullt, ofte overdrive innhald. Han er særs kjend for å skriva om gleda ved å drikka, men også om vennskap, einsemd, naturen og tidas gang.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Li Bai blei fødd i Sentral-Asia i ein rik familie som stamma frå Gansu. Som barn fekk han opplæring i kinesiske filosofiar, der taoisme gjorde djupast inntrykk. Som tjuefireåring la han ut på reise langs Changelva (Yangtze) heilt til Weiyang (Yangzhou) og Jinling (Nanjing) nær kysten. Han drakk, naut livet og gav vekk mykje av formuen sin på vegen.

Etter å ha vendt tilbake til sentrale Kina møtte han den tidlegare statsministeren Xu Yushi i Anlu i Hubei og blei gift med dottera hans. Han levde ei tid med svigerfamilien sin, før han igjen la ut på vandring.

Li Bai vandrar. Måleri av Liang Kai frå Song-dynastiet.

I 742 kom Li Bai til den dåverande kinesiske hovudstaden Chang'an, der han ønskte å få ei stilling ved keisarhoffet. Han fekk inga fast stilling, men blei likevel verdsett ved hoffet. I 744 forlet han hoffet igjen, i følgje ei soge etter å ha fornærma ein mektig evnukk. Dette året møtte han meisterdiktaren Du Fu, som skreiv fleire dikt om han—Li Bai skreiv eitt om Du Fu.

Diktaren fekk ei uoffisiell stilling som hoffdiktar for keisarsonen Lin, som leidde eit mindre opprør under An Shi-opprøret. Som del av opprørarane blei Li Bai halde fengsla ved Jiujiang og deretter forvist til Yelang, men sloppe fri gjennom eit generelt amnesti. Han blei buande hos ein slektning.

I 762 gav endeleg keisar Daizong diktaren ei offisiell stilling, men då sendebodet kom var Li Bai allereie død. Truleg døydde han av alder og sjukdom som følgje av den harde reisa mot eksil. Ei utbreidd soge knytt til dødsfallet hans seier derimot at han drukna då han, berusa i ein båt, prøvde å omfamna speglbildet av månen.

Verk[endre | endre wikiteksten]

Dikt av Li Bai i hans eiga handskrift.

Det finst over eitt tusen dikt som skal ha blitt skrive av Li Bai, men at han skreiv alle desse er ikkje sikkert. Han er kjend for både eit fantasirikt innhald, som soger, eventyrlege reiser og mytiske vesen, og ein fantasifull bruk av språk og verkemiddel. Han brukte mellom anna dialektord og lange leddsetningar i strid med tradisjonell kinesisk diktarkunst.

Li Bai er særleg kjend for sine yue fu, dikt som etterlikner kinesisk folkesong. Dikta hans har ofte eit intenst og spontant preg. I følgje skildringar dikta han ofte på staden, raskt og utan å trenga retta. Ulikt andre gamle kinesiske diktarar skreiv han enkelt og direkte, utan obskure ord og historiske allusjonar.

Vestleg påverknad[endre | endre wikiteksten]

Li Bai er blitt gjendikta til engelsk ved Arthur Waley og Ezra Pound, tysk ved Hans Bethge og til norsk ved Arne Dørumsgaard, Paal-Helge Haugen og Sigmund Mjelve.

Komponisten Gustav Mahler brukte fire Li Bai-dikt i verket Das Lied von der Erde.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Li Bai