Liane i Hyllestad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Liane
stad
Land  Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Kommune Hyllestad
Postnummer 6958 SØRBØVÅG[1]
Gardnummer 16[2][3]

Liane, tidlegare skrive Lien, er ein matrikkelgard i Hyllestad kommune i Sogn og Fjordane fylke. Garden har matrikkelnummer 16.[2][3]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Liane ligg Ønadalen, mellom Ramsgrø og Horne. I aust grensar garden til Hydalen. Tuna ligg mellom 180 og 250 meter over havet.[3] Det går kommunal veg til bruka frå Fylkesveg 607.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Liane var truleg skilt skilt ut frå anten Horne eller Lone i Fjaler i gammal tid. Kring 1600 vart garden teken opp att etter å ha lege aude. På 1600-talet var det to bruk på garden. På 1700-talet vart det skilt ut eit bruk til, og på 1800-talet to til.[3] Det har vore tre husmannsplassar under garden.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Gardsnamnet viser til liene i nordaust, der den beste jorda på garden finst.[3]

Liane er brukt som gardsnamn fleire andre stader i landet.

Statens kartverk godkjende skrivemåten «Liane» i 1986.[4]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Postnummerkart på nettstaden til Posten».  Vitja 5. desember 2010
  2. 2,0 2,1 «Gardsleksikon på nettstaden til Sogn og Fjordane Fylkesarkiv».  Vitja 5. desember 2010
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 Inger Kellmer (1990). «Liane : Gnr. 16». I Finn Borgen Førsund. Hyllestad bygdebok : Soga om folket I. Hyllestad: Hyllestad kommune. s. 132. ISBN 8299219817. 
  4. «yr.no».  Vitja 5. desember 2010

Vidare lesnad[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]