Liaocheng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Plasseringa av Liaocheng (gul) i Shandong

Liaocheng (kinesisk: 聊城, pinyin: Liáochéng) er eit byprefektur vest i provinsen Shandong i Folkerepublikken Kina. Det grensar i vest til provinsane Hebei og Henan. Byprefekturet har eit areal på 8 715 km² og hadde i kring 5,8 millionar ibuarar i 2010.

Byprefekturet Liaocheng omfattar eitt distrikt (区 ), eitt byfylke (市 shì) og seks fylke (县 xiàn).

Keisarkanalen flyt gjennom bysenteret i prefekturet.

Området ligg i ein stor kol-region og byen har heile fire kolkraftverk, det største med ein kapasitet på 2 640 MW.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]