Libanonfjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Libanonfjella
fjellkjede
Libanonseder i Libanonfjella.
Land  Libanon
Del av Riftdalen
Høgd 3 088 moh.
Koordinatar 34°18′N 36°07′E / 34.300°N 36.117°E / 34.300; 36.117
Kart
Libanonfjella
34°17′59″N 36°06′59″E / 34.299722°N 36.116389°E / 34.299722; 36.116389
Wikimedia Commons: Mount Lebanon

Libanonfjella (arabisk جبل لبنان; Jabal Lubnān, assyrisk ܛܘܪ ܠܒܢܢ, Tūr Lébnon) er ei fjellkjede i Libanon. Høgda er i snitt 2200 meter over havet.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Libanonfjella strekkjer seg kring 170 km langs heile landet, parallelt til kysten av Middelhavet. [1] Den høgaste toppen er Qurnat as Sawda' på 3088 meter over havet. Fjellkjeda får ein god del nedbør, mellom anna snø som i snitt kan verte opp mot fire meter djup.[1]

Libanon har historisk sett vore definert av desse fjella, som har gjeve vern for dei lokale innbyggjarane. Fjella var kjende for skogane av eik og furu. Dei siste attverande skogane av den kjende Libanonsederen ligg høgt i fjellsida av Libanonfjella, i skogen kalla Guds seder. Skogen står på verdsarvlista.

Fønikarane brukte tømmer frå Libanonfjella til å bygge skipsflåten sin og gjere handel med naboane sine i Levanten. Fønikarane og etterfølgjarane planta på ny og hogde ned att og fram til så seint som på 1500-talet var skogen enno stor.[2]

Etymologi[endre | endre wikiteksten]

Namnet Libanonfjella går attende til den semittiske rota lbn, som tyder «kvit», truleg som ein referanse til dei snødekte fjella.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Det libanesiske flagget før det franske mandatet, eit kvitt flagg med eit sedertre i midten.

Libanonfjella er nemnt fleire gonger i Gamletestamentet. Kong Hiram I av Tyr sende ingeniørar med sedertømmer frå Libanonfjella, for å byggje det jødiske tempelet i Jerusalem. Sidan den gong har denne sederarten vorte kalla Cedrus libani og er ofte knytt til Libanonfjella. Fønikarane nytta seder til å byggje skipa sine når dei segla i Middelhavet, og vart dei første til å skipe landsbyar i Libanonfjella der ein levde av tømmerhogst som dei sendte til kysten.[2]

Libanonfjella, Bsharri distrikt.

Etter 400-talet kom kristne munkar, som følgde ein eremitt kalla Maron, frå Orontesdalen nord i Syria og byrja å spreie religionen sin til innbyggjarane lengst nord i fjella. Seint på 700-talet slo ei gruppe kalla seg mardaittar (òg Jarajima) seg ned i Nord-Libanon etter ordre frå den bysantinske keisaren. Målet deira var å plyndre islamske område i Syria. Dei slo seg saman med den lokale folkesetnaden, og nekta å reise att då keisaren skreiv ein avtale med den muslimske kalifen i Damaskus. Dei vart dermed ein del av det maronittisk samfunnet. I 1291, etter Akko fall, den siste krossfararutposten i Levanten, slo dei attverande europeiske innbyggjarane som hadde klart å kome seg unna mamelukkane seg ned i nordlege delar av Libanon og vart ein del av det maronittisk samfunnet.

På 800-talet kom folk frå «Jabal el Summaq»-området nord for Aleppo i Syria til den sørlege halvdelen av fjellkjeda. Desse folka vart kalla Tanoukhiyoun og på 1000-talet vart dei omvende til drusarane si tru og styrte områda av Libanonfjella frå Metn i nord til Jezzine i sør. Heile dette området vart kalla Jabal ad-Duruz. Tidleg på 1600-talet tok emir Fakhreddine II over trona i den drusiske delen av fjella kalla Chouf. I eit forsøk på samle Libanonfjell opna emir Fakhreddine døra for kristne og særleg dei maronittisk samfunna i Chouf og Metn.[2]

Gjennom 1700-talet og inn på 1800-talet slo fleire og fleire maronittar seg ned i drusarområda i fjella. Drusarane såg på desse maronittiske samfunna som ein trugsel mot makta deira i Libanonfjella og ei rekkje kampar følgde i 1840-åra og 1860-åra, ein liten borgarkrig som førte til massakrar av tusenvis av kristne.[4] Drusarane vann militært, men ikkje politisk, fordi europeiske stormakter (hovudsakleg Frankrike og Storbritannia) blanda seg inn på vegne av maronittane og delte Libanonfjella i to område: eit drusisk og eit maronittisk. Då makta deira vart svekka i Libanonfjella, flytta nokre libanesiske drusarar til det nye Jabal ad-Duruz sør i Syria. I 1861 vart det autonome distriktet «Libanonfjella» oppretta i Det osmanske riket under ein internasjonal garanti.[2]

Libanonfjella som politisk namn[endre | endre wikiteksten]

Væpna menn frå Libanonfjella, seint på 1800-talet.

Libanonfjella er òg nytta som namn på politiske område: Ein sjølvstyrt provins i Osmansk Syria som eksisterte frå 1516 og det sentrale guvernementet i det moderne Libanon (sjå Libanonfjella guvernement). Den administrative regionen kalla Libanonfjella kom fram i ei tid med nasjonalisme etter borgakrigen i 1860. Frankrike støtta dei lokale kristne og britane drusrarane etter massakrar i 1860, då 10 000 kristne vart drepne i stridar med drusarar. I 1861 vart det autonome distriktet «Libanonfjella» oppretta i det osmanske systemet, under ein internasjonal garanti. Han vart styrt av ein ikkje-libanesiske kristen konsulent frå Det osmanske riket, lokalt kalla «Mutasarrıf», (ein som styrte distriktet Mutasarrifiyya). Kristne utgjorde majoriteten av folkesetnaden i Libanonfjella, med ein stor minoritet av drusarar.[2]

I tiår la dei kristne press på dei europeiske nasjonane om å gje dei sjølvråderett ved å utvide det vesle libanesiske området deira til det dei kalla «Stor-Libanon», som var eit område som dekka Libanonfjella og kysten, og Beqaadalen i aust. Etter første verdskrigen tok Frankrike over dei tidlegare osmanske områda nord i Levanten, og utvida grensene til Libanonfjella i 1920 for å danne Stor-Libanon som var busett av attverande kristne samfunn i Midtausten. Medan dei kristne områda vart større, enda dei nye grensene den demografiske dominansen til dei kristne i det nyoppretta området Libanon.[2]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Jin and Krothe. Hydrogeology: Proceedings of the 30th International Geological Congress, page 170
  2. 2,0 2,1 2,2 2,3 2,4 2,5 An Occasion for War, Civil Conflict i Lebanon and Damascus in 1860, Leila Tarazi Fawaz. ISBN 0-520-20086-1
  3. Room, Adrian (2006). Placenames of the World: Origins and Meanings of the Names for 6 600 Countries, Cities, Territories, Natural Features and Historic Sites (2nd utg.). McFarland. s. 214–215. ISBN 978-0-7864-2248-7. 
  4. United Nations Decade on Human Rights Education, 1995-2005