Liberalisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Liberalisme (latin: liber; fri) er eit politisk omgrep med opphav i den filosofiske retninga liberalisme, som voks fram ut av idéane til dei store tenkjarane i Opplysingstida. Den opphavlege liberalismen la vekt på å avgrense den politiske makta og framheve dei individuelle rettane i samfunnet i ei tid då konge- og statsmakta var praktisk tala allmektig.

I dag er det fleire politiske retningar som legg krav på å heite (eller vert kalla) liberalisme, mellom anna libertarianisme, sosialliberalisme og amerikansk liberalisme. Dette spekteret av «underretningar» fører til at det er vanskeleg å definere kva liberalismen står for generelt. Det er dessutan mange som meiner at det å vera liberal og å vera liberalist er to forskjellige ting. I kvar region i verda vil den dominerande «liberalistiske» fraksjonen oftast omtale seg sjølv berre som liberalistane, og på det viset legge krav på tydinga av ordet i sitt land eller sin region. Ein brite vil med andre ord truleg tenkje på noko anna enn ein USA-amerikanar når dei høyrer ordet liberalisme. I Noreg har vi ingen dominerande parti som klart omtalar seg sjølve som liberalistar, sjølv om Framstegspartiet i størst grad kan vise til opphavet sitt i liberalisten Anders Lange. Venstre omtalar seg sjølve som sosialliberale eller liberale, men ikkje som liberalistar.

Liberalistar vil ofte framheve retten til avvik frå sosiale normer og politiske eller religiøse tradisjonar. Her står liberalismen i kontrast til konservatismen på den tradisjonelle høgresida i vestleg politikk. Då liberalismen òg legg vekt på enkeltmenneska som drivkraft i eit samfunn står liberalistiske ideologiar òg ofte i motsetnad til totalitære og kollektivistiske ideologiar (til dømes kommunisme).

Definisjonen liberalisme[endre | endre wikiteksten]

Den opphavlege liberalismen som bygde seg opp i Europa i Opplysingstida la vekt på å sikre fridomen til landeigande menn mot det føydalistiske og/eller merkantilistiske åket. Under den franske revolusjonen definerte liberalistane seg òg i motsetnad til dei meir radikale demokratane, og sidan i motsetnad til sosialismen. I dag ser vi eit større samsvar mellom til dømes sosialliberalisme og moderne sentrumsorientert sosialisme (til dømes sosialdemokratisme).

Dei tre hovudsøylene i liberalismen[endre | endre wikiteksten]

Dei store tenkjarane i Opplysingstida, som t.d. John Locke og Charles de Montesquieu forsøkte å avgrense den politiske makta ved å nedfelle eit sett rettar som dei meinte alle menneske hadde frå naturen, og eit sett grenser ingen - ikkje ein gong kongen - kunne krysse utan å verte ein tyrann. Dette var ein del av grunnlaget for humanismen, som igjen vert rekna som ein del av grunnlaget for liberalismen.

Seinare vart desse tankane kombinerte med idéen om at kommersiell fridom ville føre til eit meir stabilt og effektivt samfunn og på det viset gjere samfunnet betre for alle aktørar. Dette kom seinare til å verte omtalt som kapitalismen, og få sine største ordførarar i Adam Smith og David Ricardo.

Den siste av dei tre søylene som dannar grunnlaget for dei liberalistiske ideologiane er fridomen enkeltmenneska har til sjølve å ta store avgjerder som påverkar eigne liv; personleg fridom. Denne tanken er langt på veg ei vidareføring av humanismen frå Opplysingstida.

Dei fleste liberalistar stør ein kombinasjon av desse tre ideala, men plasserer oftast ein eller to av dei framfor den/dei andre. Det er grunnlaget for utviklinga av dei skilde liberalistiske underretningane vi ser i dag.

Den industrielle revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

I løpet av det 18. hundreåret vart liberalismen den styrande ideologien (eller blant dei største opposisjonelle ideologiane) i praktisk tala alle dei utvikla landa. Grunna den eksplosive veksten i kjølvatnet av framveksten av den industrielle mellomklassen vart uttrykket liberalisme utsett for ei rivande utvikling. Nokre stadar fortsette liberalistane å halde på den enkle liberalismen frå det 18. hundreåret, som fokuserte på at staten si einaste oppgåve var å sikre eit fritt næringsliv og sikre det same næringslivet mot svingingar i valutaen og krig/vald. Desse tankane er i dag langt på veg erstatta med nye idéar, men ein kan framleis finne liknande tankegods i t.d. det norske minipartiet Det Liberale Folkepartiet. Dette tankesettet er i dag kjend som libertarianisme

Under den industrielle framveksten kom nye liberale tenkjarar som såg samfunnet (les: staten) som eit verkemiddel til sosial framgang og difor støtta at staten skulle ha ressursar til å motarbeide fattigdom og sjukdom og liknande. Dei gjekk med andre ord vekk i frå tanken om at all statleg innblanding i privatlivet var ei tvangskappe som gjorde menneska ufri, men meinte tvert om at staten måtte gripe inn for å sikre fridomen til enkeltmenneska for å hindre framveksten av eit uoversynleg kaos i samfunnet. Dette tankesettet førte til ei splitting av det liberale politiske miljøet, og vart omtala som sosialliberalismen. Medlemmer i Venstre i Noreg vil ofte omtale seg sjølve som sosialliberalistar, i likheit med m.a. Radikale Venstre i Danmark og Liberal Democrats i Storbritannia.

Liberalistiske ideologiar[endre | endre wikiteksten]

Som det går fram tidlegare i artikkelen finst det fleire skilde (nokre gongar krast motsette) liberale tankesett. I ei tradisjonell høgre-/venstreakse er sosialdemokratiet den næraste naboen til venstre for liberalismen, medan konservatismen er den næraste naboen til høgre.

Nyliberalisme[endre | endre wikiteksten]

Det mest framstormande liberalistiske tankesettet i dag er nyliberalismen (neoliberalismen), som er ein marknadsvenleg politikk, hovudsakleg fokusert på det økonomiske planet. Den vert difor òg ofte omtala som økonomisk liberalisme i Noreg. Nyliberalismen fekk eit grunnleggande fotfeste i Vesten gjennom Margaret Thatcher (Storbritannia) og Ronald Reagan (USA). Dette tankesettet har langt på veg vorte teke opp av både konservative, kristendemokratiske og sosialdemokratiske politikarar - utan at dei fører ein meir liberal politikk utanfor det økonomiske. Eit av dei første regima som prøvde ut dei nyliberalistiske teoriane var militærdiktaturet til Augusto Pinochet i Chile.

Nyliberalismen kom til verda på 70- 80-talet, som ein reaksjon på den sosiale innblandings- og utjamningspolitikken som hadde vorte ført tidlegare. Nyliberalismen står hovudsakleg for ei nedbygging av handelsbarrierar (i sterk grad skattar og avgifter) og ei nedbygging av det offentlege generelt. Samstundes er ikkje tankesettet altomfattande, slik libertanismen er og sosialdemokratar over heile Europa har difor prøvd å kombinere tankane i nyliberalismen med gamle sosialistiske ideal. Her er Tony Blair og New Labour eit framifrå døme.

Men nyliberalismen er òg vanskeleg å skildre med eit enkelt sett grunnverdiar. Mange meiner til dømes at thatcherismen står i direkte motsetnad til dei nyliberale strøymingane i Vesten i dag. Definisjonane flyt òg meir ut etter som motstandarar av nyliberalismen ofte vil nytte uttrykket nyliberalisme som eit skjellsord for alle politiske vedtak som gjer meir makt frå dei folkevalde institusjonane til internasjonale korporasjonar.

Sosialliberalisme vs. Sosialdemokrati[endre | endre wikiteksten]

Hovudskiljelina mellom sosialliberalismen og sosialdemokratismen er sjølvsagt at dei har utvikla seg frå heilt skilde filosofiske retningar, men likevel har dei to politiske retningane til dels samanfallande målsetjingar. Skilnaden er kva for verkemiddel dei vil nytte for å nå dit, og då hovudsakleg synet på statleg makt. Sosialdemokratismen stør ein sterk offentleg sektor og nasjonalisering av til dømes straum- og vassressursar for å sikre folket mot private monopol på grunnleggande handelsvarer og sørgje for sosial utjamning, og på det viset levekåra generelt. Sosialliberalismen legg vekt på at verkemidla må vere mindre innblandingar frå staten si side, til dømes gjennom subsidiar og avgiftslette. Sosialliberalistar meiner at storindustrien lyt regulerast -men ikkje eigast- av staten. Ei av skiljelinene er altso at liberalistane har større tru på at privat næringsliv kan sikre grunnbehova i folkesetnaden enn sosialdemokratar tradisjonelt sett har hatt.

Både sosialdemokratismen og sosiallibersalismen søkjer ei viss grad av økonomisk og sosial utjamning for alle borgarar og bygger på ein til dels egalitær tankegang. Samstundes bygger sosialdemokratane på ein sosialistisk tradisjon og set truleg desse prinsippa høgare enn dei sosialliberale.

På 90-talet vart mange sosialdemokratiske parti i Europa sterkt påverka av nyliberalismen og adopterte fleire grunnleggande liberalistiske idèar om privatisering og den frie marknaden. Dette har i stor grad ført til eit brot med den sosialdemokratiske grasrota og lågare oppslutnad for partia. Det norske arbeidarparti har saman med dei tyske og britiske sosialdemokratane vorte kritiserte for å ha hamna til høgre for partia som er påverka av sosialliberalismen og på det viset nesten til høgre for sentrum.

Liberalisme i dag[endre | endre wikiteksten]

Som med alle andre politisk-filosofiske retningar viser liberalismen berre til eit ideal. Politikarar lyt gjennomføre pragmatiske kompromiss (les: sentrisme), bøyer av for veljarprotestar, let seg påverke av personlege interesser og liknande. I tillegg er liberalismen definert på forskjellig vis blant dei som kallar seg sjølve liberalistar og dei som reknar seg som motstandarar av liberalismen. Når dei liberalistiske ideologiane og tankesetta i tillegg har spreidd seg over eit so stort politisk område lyt ein leite etter fullstendig grunnleggande samnemnarar.

  • Liberale parti fokuserer alltid i meir eller mindre grad på den personlege fridomen til å ta avgjerder som påverkar eige eller andre sitt liv, og staten sitt ansvar for å verne om den retten.
  • Liberalistar stør oftast opp om konstitusjonelle og representative demokrati, i tillegg til at maktinstitusjonar skal styre i samsvar med lova. Prinsipp vi ser på som grunnleggande og tek for gitt i vår del av verda.
  • Liberalistar har støtta opp om både konstitusjonelle monarki og republikanske styresett.
  • Dei står oftast i opposisjon til alt anna enn milde former for nasjonalisme og står ofte i kontrast til dei konservative når det kjem til toleranse og openheit for fleirkulturelle samfunn.
  • Dei stør Menneskerettane og liknande «vedtekne» grunnrettar, då i sær pressefridomen og talefridomen, men er delte i spørsmålet om enkeltmennesket har rett til økonomisk stabilitet.
  • Liberalistane agiterer oftast med frihandel og den frie marknaden, men er delte i kor stor grad staten skal regulere den same marknaden.
  • Staten skal ha ansvar for helsevesen, forsvar og utdanning. Samstundes er liberalistane splitta i spørsmålet om det er staten som skal drive helse- og utdanningsinstitusjonane, eller om desse skal drivast av private aktørar.
  • Liberalistane er splitta i spørsmålet om staten har ansvar for å motarbeide fattigdom (sosialliberalisme vs. libertarianisme).
  • Liberalistar ønskjer oftast ein «nøytral» stat. Staten skal til dømes ikkje avgjere kva som skal til for at menneska vert lukkelege. Denne haldninga fører til at dei fleste liberalistiske parti støttar ei frilynt tolking av etiske retningsliner og støttar like rettar for til dømes kvinner, innvandrarar og homoseksuelle.

Liberalismen er vid og i botn og grunn ein til dels pragmatisk ståstad i politikken. Liberalisme tyder fridom, og fridom kan tolkast på mange måtar.

Liberalisme i Noreg[endre | endre wikiteksten]

  • Venstre kallar seg eit sosialliberalt eller liberalt parti, men tek i prinsipprogrammet sitt avstand frå liberalismen.
  • Framstegspartiet har programfesta at dei er eit liberalistisk parti, men får kritikk for å ha ein uliberal innvandringspolitikk og dessutan eit syn på statleg innblanding som ikkje passar inn med nokon hovudretningar innan liberalismen. Historisk har likevel Framstegspartiet røter i liberalismen (les: Anders Lange)
  • Det Liberale Folkepartiet har programfesta at dei er eit reindyrka liberalistisk parti, men vert kritiserte for å ha eit ikkje-liberalt syn på utanriks- og justispolitikk. Partiet har mellom anna teke til orde for overvaking av grupperingar som vert rekna som eit trugsmål mot samfunnet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]