Liberté, égalité, fraternité

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Mottoet og nasjonalsymbolet Marianne på logoen for dei franske styresmaktene. Fargane blått, kvitt og raudt er dei same som i nasjonalflagget.

Liberté, égalité, fraternité (fransk for 'Fridom, likskap, brorskap'), er motto for Frankrike og for Haiti. Mottoet skriv seg frå Den franske revolusjonen og var nytta i den ålmenne debatten før Den fyrste republikken vart proklamert, men vart ikkje teke offisielt i bruk som motto for den franske republikken før på slutten av 1800-talet, det vil seie under Den tredje republikken.