Library of Congress Control Number

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Library of Congress Control Number (LCCN) er ein identifikator, nøkkel, for oppføring av bøker og liknande i nasjonalbibliografien for USA (Dei amerikanske Sambandsstatane). Denne nøkkelen er ein talkombinasjon som eintydig identifiserer kvar einskild bokutgjeving i samsvar med fastsette reglar, og blir tildelt av Library of Congress, som i praksis fungerer som USAs nasjonalbibliotek.

Internasjonalt standard boknummer, ISBN, er no etablert som det internasjonale systemet for eintydig identifisering av bøker og anna som skal registrerast på liknande vis.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

  • ISBN (International Standard Book Number)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]