Libreville

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Libreville si plassering på kartet over Gabon.

Libreville er hovudstaden og den største byen i Gabon. Folketalet er 578 156 (2005). Byen er ein hamneby ved Gabon-elva, nær Guineabukta. Han er handelssentrum for eit tømmerområde.

Området var folkesett av mpongwé-folket lenge før Frankrike la landet under seg i 1839. Byen vart grunnlagd, under namnet «Gabon» i 1843 som ein handelsstasjon. Frigjorde slavar vart send dit, og i 1848 fekk han namnet «Libreville» (fransk for 'Fri by'). Byen var den viktigaste hamna i Fransk Ekvatorial-Afrika frå 1934 til 1946. Her stod slaget om Gabon i november 1940 mellom franske styrkar frå det kollaboristiske Vichy-regimet og frie franske styrkar under general Charles de Gaulle. Då Gabon vart sjølvstendig i 1960 hadde byen berre 31 000 ibuarar, men har vokse raskt og er no heimen til nesten halvparten av folket i landet.

Text document with red question mark.svg Denne artikkelen manglar kjelder eller referansar. Hjelp Wikipedia med å finna truverdige kjelder!