Libya

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
ليبيا

(norsk: Libya, libysk)

Det libyske flagget
Flagg
Nasjonalsong «Libya, Libya, Libya»
Geografisk plassering av Libya
Offisielle språk Arabisk
Hovudstad Tripoli
Styresett
President i Nasjonalkongressen
Statsminister
Republikk
Aguila Saleh Issa
Abdullah al-Thani
Flatevidd
 – Totalt
 – Andel vatn
 
1 759 540 km² (16.)
0 %
Folketal
 – Estimert (2017)
 – Tettleik
 
6 653 210 (106.)
3,8 /km² (189.)
Sjølvstende
Frå Italia

24. desember 1951
BNP
 – Totalt (2015)
 – Per innbyggjar
 
92 870 mill. USD (81.)
15 600 USD (83.)
Valuta Libysk dinar (LYD)
Tidssone UTC +2
Telefonkode +218
Toppnivådomene .ly


Libya er eit land i Nord-Afrika og har kyst mot Middelhavet mot nord og grense mot Egypt i aust, Sudan i søraust, Tsjad og Niger i sør og Algerie og Tunisia i vest.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I hellenistisk tid vart Libya nytta om heile Nord-Afrika vest for Egypt. Tre tradisjonelle delar av landet var då Tripolitania, Fezzan og Cyrenaica.

Tripoli og Cyrenaica var romerske koloniar og vart tatt av arabiske muslimar på 600-talet.

Etter andre verdskrigen vart Libya gitt sjølvstende i desember 1951 som ein føresetnad for den allierte fredsavtalen med Italia. Landet vart kongedøme under kong Idris 1. Sidan 1969 har Libya vorte styrt av Muammar Al Gaddafi, som kom til makta gjennom eit kupp og avsette den libyske kongen medan han var på eit kuropphald i Tyrkia.

15. april 1986 vart nær 100 menneske drepne då amerikanske fly bomba mål i den libyske hovudstaden Tripoli og i Benghazi-regionen. Libyas leiar, oberst Gaddafi, hevda å sjølv ha mista ei adoptivdotter, Hanna Gaddafi, i angrepet.

Dei sameinte nasjonane innførte sanksjonar mot Libya i 1992 etter at Pan Am Flight 103 styrta i Lockerbie i Skottland (Lockerbie-katastrofen). Sanksjonane vart fjerna den 12. september 2003, etter at Libya tok på seg ansvaret og å betala 2,7 milliardar amerikanske dollar (USD) til familiane til dei som døydde i styrten.

Den 19. desember 2003 innrømma Libya å ha eit ABC-våpen-program og offentleggjorde samtidig sin intensjon om å øydeleggja alle eksisterande ABC-våpen og få inspeksjonar for å verifisera øydelegginga. Libya vedtok også å avgrensa seg til langdistanserakettar med 300 km rekkevidd. Offentleggjeringa kom etter hemmelege diplomatiske forhandlingar med Storbritannia og Dei sameinte statane sidan mars 2003.

USA avslutta i 2004 sin handelsboikott av landet, som vart innført i 1986. 15. mai 2006 vart det kjend at USA gjenopprettar diplomatisk kontakt med landet for fyrste gong sidan 1980.

I 2011 vart Gaddafi drepen på slutten ein månader lang borgarkrig, og landet fekk nye styresmakter.

Kart over Libya

Klima[endre | endre wikiteksten]

Kystområda av Libya har middelhavsklima og kan få litt nedbør om vinteren i samband med lågtrykk. Sidan lågtrykksaktiviteten varierer frå år til år, vil òg regnmengdene variere. Langs kysten av Sidrabukta, mellom Misurata og Benghazi regnar det enno mindre, slik at ørkenområda når heilt ut til kysten.

Det våtaste område av landet er åsane og platået Jebel Akdhar (Det grøne fjellet) mellom Benghazi og Derna, som kan få så mykje som 600 mm kvart år. Tripoli har ein årleg nedbørsnormal på 384 mm. 100-150 km inn frå kysten fell nedbørsmengdene til under 100 mm og mindre kvart år, og enkelte stader regnar det nesten ikkje i det heile tatt. Dei fleste stader i Sahara kjem eventuelt regn så uregelmessig at nedbørsnormalen i praksis er lik null. Sommaren gjev svært høge temperaturar i ørkenområda, og varme dagar om vinteren. Kysten av Libya kan av og til bli råka av ein svært varm og støvete vind frå ørkenen som fører til svært høge temperaturar, ofte over 50 °C ein dag og to. Dette er det same vindfenomenet som vert kalla khamsin i Egypt. Det lokalet namnet i Libya er derimot ghibli.

Den høgaste temperaturen som er målt nokon gong, vart målt i Libya. Rekorden er på 57,7 °C målt i Al 'Aziziyah den 13. september 1922.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Libya
Spire Denne geografiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.