Licancabur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Licancabur
fjell
Land  Chile,  Bolivia
Kart
Licancabur
22°50′01″S 67°52′58″W / 22.833611111111°S 67.882777777778°W / -22.833611111111; -67.882777777778
Wikimedia Commons: Licancabur

Licancabur er ein 5 920 moh. høg stratovulkan på landegrensa mellom Chile og Bolivia. Vulkanen reiser seg tett sørvest for innsjøen Laguna Verde i Bolivia. Vulkanen dominerer landskapet i Salar de Atacama-området i Antofagasta-regionen.

Licancabur, med Laguna Verde i framgrunnen

Sjølve fjelltoppen og krateret ligg i sin heilskap i Chile, vel ein kilometer sørvest for landegrensa. Krateret er omkring 400 meter breitt og har eit 70-90 meter djupt kratervatn som er islagt det meste av året. Vatnet er eit av dei høgstliggjande i verda, og trass i at temperaturane kan falle til -30 °C lever det plankton i vatnet.

Inka-ruinar funne på toppen av fjellet syner at det har vore klive i førkolumbisk tid. Dessutan er det eit prov på at ingen større utbrot har funne stad dei siste 500-1000 år.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons har multimedium som gjeld: Licancabur