Lidl

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lidl


Lidl-butikk i Somain i Frankrike. Sjå dette på Wikidata
Svensk orgnr.969667-6312
BransjeDaglegvarehandel, detaljhandel
Skipa1973
MorselskapSchwarz Gruppe
HovudkontorNeckarsulm
LandTyskland
Grunnleggjar(ar)Dieter Schwarz
Dagleg leiarDieter Schwarz[1]
Nettstadhttps://www.lidl.de/ (tysk), https://www.lidl.com/ (engelsk)
Lidlbutik i Lomma i Sverige.

Lidl Stiftung & Co KG er ein tysk lågpriskjede med om lag 5000 butikkar. Lidl blei grunnlagt som Lidl & Schwarz Lebensmittel-Sortimentsgroßhandlung på 30-talet. Dei første filialane opna i Ludwigshafen tidleg på 70-talet. I 2004 opna dei første Lidl-butikkane i Noreg.

Butikkane vert oftast lagt utanfor bysentrumet i bygningar som er særskilt oppførte for Lidl, alle med lik utforming. Lidl lohnt sich (Lidl løner seg) er føretaket sitt motto. Lidl har som policy å ikkje uttale seg i massemedia.

Lidl etablerte seg i Noreg med ein målsetnad om å etablera 100 nye butikkar. Etter om lag 4 år avslutta dei drifta og butikkane vart overtekne av Rema 1000.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Lidl