Liechtensteinsk geografi

Koordinatar: 47°10′N 9°32′E / 47.167°N 9.533°E / 47.167; 9.533
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Kart over Fyrstedømet Liechtenstein
Satellittbilete av Liechtenstein-området med grensene vist i gult

Liechtenstein er eit lite fyrstedøme Alpane, skvisa inn mellom Sveits og Austerrike. Dei fleste innbyggjarane bur i dalen til Rhinen som renn gjennom landet. Heile den vestlege grensa av landet er forma av elva. Målt frå nord til sør er landet 24 km langt. Dei austlegaste områda er dei høgaste med Grauspitz som det høgaste fjellet med ei høgd på 2 599 meter over havet. Dei nordlegaste kommunane er derimot relativt flate.

Nye landmålingar frå 2006 viser at landet har eit areal på 160,475 km² og 77,9 km lange landegrenser. Dette er 1,9 km lenger enn ein tidlegare har trudd. Liechtenstein er eit av berre to land i vera som er «dobbelt omgjeve av land», altså det grensar berre til land som heller ikkje grensar til havet. Det andre landet er Usbekistan.

Liechtenstein er det sjette minste sjølvstendige landet i verda ut frå areal.

Geografiske koordinatar: 47°10′N 9°32′E / 47.167°N 9.533°E / 47.167; 9.533

Klima[endre | endre wikiteksten]

Klimaet i Liechtenstein er sterkt prega av Alpane som krinsar landet i alle retningar. Her finst mange djupe og små dalar, og klimaet i dalane er ofte ganske forskjellig frå klimaet i høgda. Dalane og fjellsidene som vender mot nord er ofte kalde med mykje skya ver om vinteren. Av og til kan derimot kraftig fønvind presse temperaturane opp i 10 °C og høgare, medan sørvendte sider ofte har meir sol om vinteren. Nettene held seg kalde til ut i mai, men frå då av kan ettermiddagane ofte by på behagelege temperaturar med unntak av enkelte regnbyer no og då. Varmen frå sommarsola fører ofte til torevêr om sommaren. September og tidleg oktober er den tørraste og mest tempererte tida på året.

Statistikk[endre | endre wikiteksten]

Liechtensteinsk geografi
Areal:  
  totalt: 160 km²
  land: 160 km²
  vatn: 0 km²
Landegrenser, totalt: 76 km
grenseland: Austerrike (35 km), Sveits (41 km)
Kystlinje: 0 km (omgjeve av land)
Maritime krav: Ingen (omgjeve av land)
Klima: Kontinentalklima, ofte skya om vinteren med ein del snø eller regn, kjølige til moderat varme somrar med ein del skyer og fukt.
Terreng: Rhindalen dekkjer ein tredjedel av landet, elles dekt av fjell.
Høgder:  
  lågaste punkt: Bangserfeldlagunen 429 m
  høgaste punkt: Grauspitz 2 599 m
Naturressursar: Vasskraft, dyrkbar mark
Arealbruk:  
  dyrkbark mark: 24 %
  permanente avlingar: 0 %
  permanent beite: 16 %
  skogområde: 35 %
  anna: 25 % (1993 est.)
Irrigert land: Ingen
Naturfarar: Snøras
Miljøproblem: Ukjend
Internasjonale miljøavtalar:  
  delaktig i avtalar som omhandlar: Luftforureining, biologisk mangfald, klimaendringar, ørkenspreiing, utryddingstrua dyreartar, miljøfarleg avfall, vern av ozonlaget, våtmarksområde,
  signert, men ikkje ratifisert: Luftforureining ved persistente organiske stoff. Kyotoavtalen. Havrett.

Geografiske ytterpunkt[endre | endre wikiteksten]