Lielupe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Lielupe
Utspring Mēmele og Mūsa
- Høgd 10,8 m
Munning Rigabukta
- Høgd 0 m
Land i nedslagsfelt Latvia
Lengd 119 km
Middelvassføring 106 m³/s
Nedslagsfelt 17 600 km²

Lielupe (tysk Kurländische Aa eller Kurische Aa) er ei elv i Latvia. Ho har ei lengd på 119 km (310 km medrekna Mēmele) og eit nedslagsfelt på 17 600 km².

Lielupe byrjar der dei to elvane Mēmele og Mūsa renn saman. I dei nedre delane av ho renn ho parallelt med kysten av Rigabukta. Ho passerer byen Jūrmala og renn nesten 30 km langs kysten av bukta før ho til slutt munnar ut her. Ei grein av elva renn ut i Daugava. Om lag 50-55 % av vatnet i elva kjem frå snøsmelting.

Lielupe er framkommeleg for båtar i om lag 100 km. Av byar langs elva finn ein Bauska, Mežotne, Jelgava, Riga og Jūrmala.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Kjelde[endre | endre wikiteksten]