Lierne nasjonalpark

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lierne nasjonalpark
nasjonalpark
Land  Noreg
Fylke Trøndelag
Kommune Lierne
Høgaste punkt Hestkjøltoppen
 - høgd 1 390 moh.
Areal 333 km²
Oppretta 17. desember 2004
Kart
Lierne nasjonalpark
64°18′N 13°54′E / 64.3°N 13.9°E / 64.3; 13.9
Wikimedia Commons: Lierne nasjonalpark

Lierne nasjonalpark er ein nasjonalpark i Lierne kommune i Trøndelag fylke.

Nasjonalparken vart oppretta ved forskrift i 2004. Saman med andre verneområde i Sverige og Noreg er Lierne nasjonalpark ein del av eit stort samanhengande villmarksområde. Her lever rovfugl og store rovdyr som krev store leveområde. Det spesielle istidslandskapet har mange sjeldne landskapsformer.

Det er nokre få stiar i parken, men det er ikkje tilrettelagt friluftsliv i form av hytter eller merka stiar inne i nasjonalparken. Like utanfor nasjonalparkgrensa leiger fjellstyret ut nokre hytter.

Vern og bruk av parken[endre | endre wikiteksten]

Formålet med nasjonalparken er å ta vare på eit fjell- og skogområde med få tekniske inngrep. Kvartærgeologisk er landskapet i Lierne nasjonalpark spesielt for regionen, med tjukke moreneavsetningar og mange ulike lausmasseformer, herunder rogenmorener.

Naturgrunnlaget innanfor nasjonalparken er viktig for samisk kultur og næring. Området skal kunne brukast til reindrift.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]