Lietava
| Lietauka | ||
| Utspring | Nær Upninkai | |
| Munning | Neris | |
| Land i nedslagsfelt | Litauen | |
| Lengd | 11 km | |
Lietava, Lietauka eller Letauka er ei lita elv i Litauen som ein meiner kan ha gjev namn til landet. [1] Ho er 11 km lang og ei av sideelvane til Neris, som ho renn ut i om lag 30 km frå Kernavė, som kan ha vore den første hovudstaden i Storfyrstedømet Litauen. Ho renn gjennom eit myrlendt område og det har ikkje vorte oppdaga viktige arkeologiske funn ved breidda. [2] Dei fleste språkforskarar er einige om at Litauen (Lietuva) og namnet på elva i det minste er i slekt og kanskje kjem frå det litauiske verbet lieti (å renne over).[3] Sidan mange namn i indoeuropeisk språk kjem frå hydronym leita forskarane etter ei vassmasse med liknande namn. Kazys Kuzavinis identifiserte Lietauka som ein mogeleg kandidat og hypotesen vart raskt populær.[3] Det opphavleg namnet på Lietauka må ha vore Lietava, som vart slavifisert av dei gammaltruande som vart kasta ut av Det russiske riket og som slo seg ned ved breidda av elva.
Kjelder [endre]
- Denne artikkelen bygger på «Lietauka» frå Wikipedia på engelsk, den 24. januar 2008.
Fotnotar [endre]
- ↑ Lithuania's name. Seimas. Vitja 24. januar 2007.
- ↑ Tomas Baranauskas (2002) «Prie Lietuvos vardo ištakų» – Voruta, bind 4, nr. 502.
- ↑ 3,0 3,1 "Lietuva". Encyclopedia Lituanica III. (1970-1978). Ed. Simas Sužiedėlis. Boston, Massachusetts: Juozas Kapočius. 336-337. 74-114275.