Life av Neil Young
| Life Studioalbum av Neil Young & Crazy Horse |
||
| Utgjeve | 6. juli 1987 | |
| Innspelt | 18. til 19. november 1986 Universal Amphitheatre i Universal City, CA, og seinare ved Record One i Los Angeles |
|
| Sjanger | Rock | |
| Lengd | 40:40 | |
| Selskap | Geffen | |
| Produsent | Neil Young & David Briggs, Jack Nitzsche på spor 9 | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| Neil Young-kronologi | ||
| Landing on Water (1986) |
Life | This Note's for You (1988) |
Life er eit album av Neil Young & Crazy Horse frå 1987. Dette var det første albumet hans med Crazy Horse sidan Re-ac-tor i 1981.
Dei første tre songane omhandla alle verdspo9litikk og rolla til USA i verda. «Long Walk Home» føler til dømes med soldatar stasjonert utanlands. Sjølv om desse songane var eit svar til hendingar som Bombinga av Beirut i 1983 og Qaddafi, fann Young ny meining i desse songane etter krigen mot terror og okkupasjonen av Irak. Under «Freedom of Speech»-turneen sin etter Living with War, posta Young videoar av desse tre songane på nettsida si, [1]. Videoane til «Mideast Vacation» og «Long Walk Home» vart seinare gjevne ut på DVDen som følgde albumet Living with War: In the Beginning.
Det meste av albumet vart spelt inn live på konsert i Universal Amphitheatre i Universal City i California den 18. og 19. november 1986. «Mideast Vacation», «Around The World» og «When Your Lonely Heart Breaks» vart spelte inn den 18., «Inca Queen», «Too Lonely» og «Prisoners Of Rock 'N' Roll» vart spelte inn den 19. «Long Walk Home» er ein miks frå begge dagane.[1]
Dette var det siste albumet Young gav ut på Geffen. Tittelen og omslaget syner Young som ein fange av sin eigen musikk. Nummer fem er skravert inn i veggen på fengselscella, det same talet på album som Young gav ut på Geffen Records.
Innhald[endre]
Alle songar er skrivne av Neil Young.
| # | Tittel | Lengd |
|---|---|---|
| 1. | «Mideast Vacation» | 4:21 |
| 2. | «Long Walk Home» | 4:56 |
| 3. | «Around the World» | 5:26 |
| 4. | «Inca Queen» | 7:56 |
| 5. | «Too Lonely» | 2:48 |
| 6. | «Prisoners of Rock 'N' Roll» | 3:12 |
| 7. | «Cryin' Eyes» | 2:52 |
| 8. | «When Your Lonely Heart Breaks» | 5:16 |
| 9. | «We Never Danced» | 3:37 |
Medverkande[endre]
- Neil Young - gitar, munnspel, keyboard
- Crazy Horse
- Poncho Sampedro - gitar, keyboard
- Ralph Molina - trommer
- Billy Talbot - bass
Kjelder[endre]
- Denne artikkelen bygger på «Life (Neil Young & Crazy Horse album)» frå Wikipedia på engelsk, den 29. oktober 2010.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
- ↑ Long, Pete. Ghosts On The Road. ss. 215–216. ISBN 0-9526517-3-4.