Lifes Rich Pageant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lifes Rich Pageant
Studioalbum av R.E.M.
Språk engelsk
Utgjeve 28. juli 1986
Innspelt April – mai 1986
Sjanger alternativ rock, jangle pop
Lengd 38:23
Selskap I.R.S. Records
R.E.M.-kronologi 
''Fables of the Reconstruction
(1985)
Lifes Rich Pageant Dead Letter Office
(1987)


Lifes Rich Pageant er eit musikkalbum frå den amerikanske rockegruppa R.E.M. som vart gjeve ut i 1986. Det var meint som ein opptaktsreaksjon på det edruelege og historiske Fables of the Reconstruction, og R.E.M. valde Don Gehman som produsent på hans Belmont Mall Studios i Belmont i Indiana i USA.

Tittelen på albumet kjem frå eit engelsk idiomatisk uttrykk. Det er eit gamalt uttrykk, men R.E.M. sin bruk kjem, i følgje Peter Buck, frå filmen A Shot in the Dark frå 1964. Det at tittelen manglar apostrof i ordet «lifes» (skulle ha vore «Life’s»), er gjort med vilje, i likskap med m.a. titlane på spora på det førre albumet deira.

Den økologimedvitne «Fall on Me» (ein av favorittane til vokalist Michael Stipe) og ein coverversjon av The Clique sin song «Superman», sunge av bassist Mike Mills, var dei einaste av songane på albumet som vart utgjevne som singlar.

Ein annan song med økologi som tema på plata er «Cuyahoga», som refererer til den ein gong sterkt ureina Cuyahoga-elva, som renn inn i Eriesjøen i Cleveland i Ohio. Songen har tekstlina «we burned the river down», som refererer til dei gongene det byrja å brenne i elva.

Framsida på albumet viser bandmedlem Bill Berry sterkt sminka på den øvste delen, og eit bisonpar på den nedste delen.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle tekstane og melodiane er ved Bill Berry, Peter Buck, Mike Mills og Michael Stipe, om ikkje anna er oppgjeve.

  1. «Begin the Begin» – 3:28
  2. «These Days» – 3:24
  3. «Fall on Me» – 2:50
  4. «Cuyahoga» – 4:19
  5. «Hyena» – 2:50
  6. «Underneath the Bunker» – 1:25
  7. «The Flowers of Guatemala» – 3:55
  8. «I Believe» – 3:49
  9. «What If We Give It Away?» – 3:33
  10. «Just a Touch» – 3:00
  11. «Swan Swan H.» – 2:42
  12. «Superman» (Gary Zekley, Mitchell Bottler) – 2:52
R.E.M.
Michael Stipe | Peter Buck | Mike Mills | Bill Berry
Diskografi
Studioalbum: Murmur (1983) | Reckoning (1984) | Fables of the Reconstruction (1985) | Lifes Rich Pageant (1986) | Document (1987) | Green (1988) | Out of Time (1991) | Automatic for the People (1992) | Monster (1994) | New Adventures in Hi-Fi (1996) | Up (1998) | Reveal (2001) | Around the Sun (2004) | Accelerate (2008) | Collapse into Now (2011)
EP-ar: Chronic Town (1982) | Not Bad for No Tour (2001)
Samlealbum: Dead Letter Office (1987) | Eponymous (1988) | The Best of R.E.M. (1991) | Singles Collected (1994) | In the Attic (1997) | In Time (2003) | And I Feel Fine (2006)
Andre album: Man on the Moon (1999) | r.e.m.IX (2002) | R.E.M. Live (2007)
Filmar
Succumbs (1987) | Tourfilm (1990) | Pop Screen (1991) | This Film Is On (1991) | Parallel (1995) | Road Movie (1996) | In View (2003) | Perfect Square (2004) | When the Light Is Mine (2006)
Tilknytte artiklar
Athens i Georgia | Alternativ rock | Hindu Love Gods | The Troggs | Athens Andover | I.R.S. Records | Warner Bros. Records | Hib-Tone