Liguria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 44°27′20″N 8°44′5″E

Regione Liguria
Liguria-Bandiera.png
Italy Regions Liguria Map.png
Kart som viser plasseringa til Liguria i Italia
Hovudstad Genova
President Claudio Burlando
Provinsar 4
Kommunar 235
Areal 5 420 km²
 - Rangering 18. (1,8 %)
Folketal (2006 est.)
 - Totalt 1 610 134
 - Rangering 12. (2,7 %)
 - Tettleik 297/km²
Heimeside www.regione.liguria.it

Liguria er ein region på nordvestkysten av Italia og det tredje minste av dei tjue regionane i landet. Hovudstaden er Genova.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Liguria grensar til Frankrike i vest, Piemonte i nord og Emilia-Romagna og Toscana i aust. Det ligg ved Liguriahavet (eit nordleg havområde i Middelhavet). Kyststripa dannar Den italienske rivieraen og lenger inne i landet ligg Dei liguriske Alpane i vest og Dei liguriske Appenninane i aust. Trass i at regionen er tett folkesett består halvparten av arealet av skogområde. Den liguriske kysten har eit typisk middelhavsklima, i motsetnad til det delvis kontinentale klimaet i Podalen i nord. I januar har Genova ein normaltemperatur kring 8-10 °C, utan frost som oftast berre oppstår i fjellområda. Om sommaren ligg temperaturen omkring 25-30 °C.

Det kan stundom kome mykje regn og fjella som ligg nær kysten dannar ein orografisk effekt, slik at Genova kan få opp mot 2000 mm i året. Normale nedbørsmengder rundt Middelhavet er rundt 500-800 mm.

Provinsar i Liguria.

Liguria er delt inn i fire provinsar:

Historie[endre | endre wikiteksten]

Liguria er eit svært gamalt namn som går tilbake til førromersk tid. Ligurarane slo seg i antikken ned ved middelhavskysten frå Rhônedalen til Arnodalen, men seinare vart folket blanda med galliske innvandrarar og den gallisk-liguriske kulturen. Regionen vart offisielt underlagt og kolonisert av Den romerske republikken100-talet fvt. I mellomalderen fekk Genova stadig meir kontroll over Liguria, som deler det meste av historia si med byen. Bortsett frå eit par periodar på 1400- og tidleg på 1500-talet då området var under anten Hertugdømet Milano eller Frankrike, styrte Republikken Genova området fram til 1796, då Napoleon Bonaparte omorganiserte området til Den liguriske republikken. Republikken vart kortvarig og vart annektert av Frankrike i 1805. Etter napoleonskrigane enda i 1815 vart området annektert av Kongedømet Sardinia.

Verdshandelssenteret i Genova

Demografi[endre | endre wikiteksten]

Under den store økonomiske krisa i 1980- og 1990-åra flytta 200 000 innbyggjarar frå Liguria, men etter at dei økonomiske tilhøva betra seg seint på 1990-talet flytta mange tilbake.

Byar i Liguria med meir enn 50 000 innbyggjarar:

Kommune Innbyggjarar (2006 est.)
Genova 620 316
La Spezia 94 263
Savona 61 766
Sanremo 57 120

Bilete[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Liguria

Kjelde[endre | endre wikiteksten]


Flag of Italy.svg
Regionar i Italia
Abruzzo  | Basilicata  | Calabria  | Campania  | Emilia-Romagna  | Friuli-Venezia Giulia  | Lazio  | Liguria  | Lombardia  | Marche  | Molise  | Piemonte  | Puglia  | Sardinia  | Sicilia  | Toscana  | Trentino-Alto Adige  | Umbria  | Valle d'Aosta  | Veneto