Ligustrum

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ligustrum


Ligustrum vulgare
Ligustrum vulgare

Systematikk
Domene: Eukaryota
Rike: Plantae
Klasse: Magnoliopsida
Orden: Lamiales
Familie: Oleaceae
Tribus: Oleeae
Subtribus: Ligustrinae
Slekt: Ligustrum
Vitskapleg namn
Ligustrum

Ligustrum eller ligusterslekta er ei planteslekt i tribusen Oleeae i oljetrefamilien med om lag 40 artar av opprette, lauvfellande eller eviggrønne busker, nokre gongar dannar dei små eller mellomstore tre.[1] Dei er alle kjente under namnet liguster. Fleire av dei blir nytta som hagevekster og i nokre tilfelle som hekkplante.

Ligusterslekta er utbreidd i Nord-Afrika, Mellemausten, Kaukasus, Sibir, Aust-Asia, Indonesia og Europa med tyngdepunktet i Aust-Asia. Det er lauvfellande eller vintergrønne buskar med motsette, kortstilka og heilranda blad. Blomstrane er samla i endestilte eller akselstilte toppar. Dei einskilte blomstrane er 4-talige og regelmessige med samanvaksne kronrøyr og oftast kvite kronblad. Fruktene er svarte steinfrukter eller bær med eitt til tre frø.

Ligusterslekta står nært syrinslekta (Syringa), men har kjøttaktige bær og ikkje tørre kapslar som syrin-artane har. Desse to slektene utgjer same subtribus, Ligustrinae, i tribusen Oleeae.

Utvalde artar[endre | endre wikiteksten]

Integrated Taxonomic Information System lister elleve godtekne ("accepted") artar av Ligustrum.[2] I tillegg er andre artar lista i andre referansar.[3][4][5]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ligustrum


Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Webb, C. J.; Sykes, W. R.; Garnock-Jones, P. J. 1988: Flora of New Zealand. Vol. IV. Naturalised Pteridophytes, Gymnosperms, Dicotyledons. 4. Christchurch, New Zealand, Botany Division, D.S.I.R..
  2. ITIS Standard Report Page - Ligustrum, http://www.itis.gov/servlet/SingleRpt/SingleRpt?search_topic=TSN&search_value=32973, henta 2011-06-20 
  3. Flora of China: Ligustrum
  4. Flora of Taiwan: Ligustrum
  5. Flora Europaea: Ligustrum