Liljekonvall
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| Liljekonvall |
||
| Systematikk | ||
| Rike: | Plantae | |
| Rekkje: | Magnoliophyta | |
| Underorden: | — | |
| Familie: | Convallariaceae (Konvallfamilien) alt. Liliaceae liljefamilien |
|
| Slekt: | Convallaria L. | |
| Art: | C. majalis | |
| Vitskapleg namn | ||
| Convallaria majalis | ||
Liljekonvall (Convallaria majalis) er ein 15 cm høg plante i liljefamilien (somme botanikarar reknar ’’konvallfamilien’’ som ein eigen familie) med store grøne blad og kvite klokkeblomstrar som dannar raudgule bær.
Innhaldsliste |
[endre] Utsjånad
Liljekonvallen har ein lang, greina jordstengel med nokre få, kraftige røter. Over jorda har han skot med eit par raudfiolette lågblad og to store grøne blad med bogeforma nervar. Dei kvite hengande klokkeblomstrane sit i hjørnet av bitte små skjelforma høgblad.
Frukta vert eit raudgult bær som er delt i tre rom. Bæret er, som resten av planten, giftig.
Liljekonvallen lukter godt, og både lukta og utsjånaden gjer han til ein populær bukettblome.
[endre] Utbreiing
Liljekonvallen veks i småskog og solvarme lier, i Noreg nord til Dønnes og Nord-Rana. På Hardangervidda veks han opp i 1245 meters høgd.
Han veks ikkje på sur jord.
[endre] Kultur
Namnet liljekonvall er ei litterær nylaging, henta frå det gamle latinske namnet på planten, som første gang vart nytta for snart 500 år sidan, "Lilium convallium", som omsett tyder "lilja frå dalane". Eit gammalt folkeleg norsk namn var rams.
Liljekonvallen er fylkesblomster i Østfold og nasjonalblomster i Finland.
[endre] Kjelder
- Johannes Lid Norsk og svensk flora Det Norske Samlaget 1974 ISBN 82-521-0297-2
- C.A:M. Lideman Nordens Flora Gyldendal Norsk Forlag 1977 ISBN 82-05-08681-8
- Botanisk museum