Lilla

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Blomstrende syrinbusk (Syringa vulgaris)

Lilla er ein farge som inngår i fargespekteret. I vitskaplege samanhenger vert ordet fiolett bruka om lys med ei viss bølgelengd, medan lilla vert bruka om om alle blandingar mellom raude og blå bølgelengder. Den fiolette delen av spekteret er frå 380 til 430 nanometer, og er dermed detmest kortbølga lyset menneskeauga kan oppfatte. Lys med bølgelengder kortare enn 380 nm er usynleg og vert kalla ultrafiolett stråling. I regnbogen er fiolett det innste av fargebanda.

Ved subtraktiv fargeblanding, som for eksempel når ein blandar måling, får maein lilla farge ved å blande raudt og blått.

Fiolett utgjer ei utfordring for TV- og PC-skjermar som brukar RGB-systemet for fargegjengiving, sidan skjermen ikkje vutståler lys med så kort bølgelengd (den kortaste er blå). Alle forekomstar av fiolett må derfor byttast ut med lilla.

I liturgisk samanheng vert fiolett bruka i samband med sorg og bot.

I estetikken er lilla rekna til dei kalde fargane.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Lilla er lånt gjennom det franske ordet lilas frå arabisk lilac, som tyder syrin.[1] Ordet fiolett er lånt frå fransk. [2]

Referansar[endre | endre wikiteksten]