Lillestrøm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lillestrøm torg.
Skedsmo rådhus i Lillestrøm
Flytoget på Lillestrøm stasjon

Lillestrøm er ein by i Lillestrøm kommune i Akershus. Byen ligg to mil aust for Oslo, og grensar mot tettstadane Strømmen, Skjetten, Fjerdingby, Fetsund og Kjeller. Fram til 1908 var Lillestrøm ein del av gamle Skedsmo kommune. I 1908 vart kommunane Lillestrøm og Lørenskog skilt ut, men til i 1961 vart Lillestrøm slått saman med Skedsmo kommune.

Lillestrøm er saman med Jessheim, Sandvika og Drøbak dei einaste tettstadane i Akershus som har vedtatt bystatus, (men var åleine om dette frå 1997 til 2003), og har kring 10000 innbyggjarar. Tømmerfløting og sagbruk må tilleggjast hovudæra for at Lillestrøm voks fram som eit sentrum, difor har òg byen kallenamnet "Flisbyen". Kontinuerlig flyaktivitet på Kjeller flyplass fra første flygning 21. september 1912 har også hatt stor betydning for framveksten av Lillestrøm og bosetting på hele Romerike.

Nitelva renn gjennom og attmed byen, og munnar ut saman med Glomma i Nord-Europas største delta- og våtmarksområde og vidare i innsjøen Øyeren. Terrenget er særs flatt, og ved fleire høve har elvevatnet flauma inn i byen. Men etter at ei avlaupstunnel frå Øyeren vart sprengt ut, kunne vasstanden i innsjøen regulerast betre i flaumperiodar, og byen har vorte spart for flaumskadar.

Lillestrøm har namn etter garden Lille Strøm, der den første stasjonen på Hovedbanen mellom Christiania og Eidsvoll opna i 1854. Seks år seinare starta dei første dampsagene opp, og Lillestrøm opplevde ei eksplosjonsarta auke i folketalet på grunn av industrialiseringa. I ei tid på om lag 100 år var trelastindustri og jernbanen dei dominerande faktorane i dagleglivet i byen. Norges første flyplass og en av verdens eldste flyplasser ble etablert på Kjeller (rett ved Lillestrøm) i 1912, og forskningsmiljøa som oppstod kring Kjeller flyplass utgjer eit av landets største kompetansesentrum innen teknologi, forskning og innovasjon, spesielt innen energi, fornybar energi, teknologi og hydrogen.

Næringsliv[endre | endre wikiteksten]

I Lillestrøm ligg Norges Varemesse, som vart flytta hit til nye og moderne lokale frå Sjølyst i Oslo . Exporamasenteret ligg ikkje langt frå Lillestrøm, på Hellerudsletta ved Skjetten.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Lillestrøm stasjon er ein viktig sams stasjon for dei tre jarnbanebanene Gardermobanen, den gamle Hovedbanen, som no er lokalbane på strekninga mellom Oslo og Dal, og Kongsvingerbanen. Kongsvingerbanen, som går ut frå Lillestrøm stasjon mot Kongsvinger og riksgrensa, er ei strekning på jarnbanen mellom Oslo og Stockholm.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Akershus Teater har sete i byen. Kvart år i juni etter at Lillestrøm vart by, så har det vore halde ein byfest med mange kulturelle tilbod frå ulike utandørsscener.

Idrett[endre | endre wikiteksten]

Fotballklubben i Lillestrøm er Lillestrøm Sportsklubb, som eig og spelar heimekampane på Åråsen stadion.