Lilo og Stitch: Serien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lilo & Stitch logo

Lilo og Stitch: Serien (engelsk: Lilo & Stitch: The Series) er ein teiknefilmserie frå USA laga av The Walt Disney Company. Han blei laga mellom 2003 og 2006, og fortset der filmen Lilo & Stitch slutta. Serien er blitt send på fjernsynskanalen Disney Channel og NRK1 i Noreg.

Serien handlar om den hawaiiske jenta Lilo, familien hennar og Stitch, eit eksperimentelt vesen laga av romvesenet Jumba Jookiba. Serien går ut på å verna Hawaii-øyane frå liknande vesen laga av Jookiba. Hovudfienden deira er kaptein Gantu, eit anna romvesen som arbeider for vonde doktor Hamsterviel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]