Lilo og Stitch 2

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Lilo og Stitch 2 (engelsk Lilo & Stitch 2: Stitch Has a Glitch) er ein amerikansk teiknefilm frå 2005. Filmen vart produsert av The Walt Disney Company og er oppfølgjaren til Lilo & Stitch frå 2002. Han blei gjeve ut direkte på video.

Lilo og Stitch har no blitt gode venner, men så skjer det noko med Stitch. Vesenet byrjar å øydelegge ting igjen. Dette skuldast at under skapinga av Stitch blei skaparen Jumba avbroten då han skulle la molekyla hans. Lilo er for oppteken av å vinna ei hulatevling til å oppfatta kva som er gale med Stitch. Først då tevlinga er i gang og Stitch har bestemt seg for å forlata jorda forstår Lilo at det er viktigare å hjelpa venen sin enn å vinna.

I mellomtida har Jumba strevd med å laga eit ladekammer av ulikt hushaldningsutstyr. Etter at Stitch krasjar med romfartøyet sitt i fjella på Hawaii. Lilo reddar han og plasserer han i ladekammeret. Det ser ut til at ho har vore for seint ute, for Stitch døyr. Men kjærleiken til Lilo og alle dei andre rundt han vekkjer vesenet til live igjen. Dei dreg tilbake til hulatevlinga og framfører dansen dei har laga saman.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]