Limbé

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Koordinatar: 19°42′N 72°24′W

Limbé is located in Haiti
Limbé avmerkt på Haiti-kartet

Limbé (haitisk: Lenbe) er ein by med 32 645 innbyggjarar (2005) i departementet Nord i Haiti. Kommunen med same namn har 69 256 innbyggjarar. Byen ligg 25 km frå departementshovudstaden Cap-Haïtien.

Byen ligg ved Limbéelva. Sjølv om avskoginga i resten av landet er høg, er dalen langs denne elva framleis svært grøn.

I byen ligg sjukehuset Bon SamaritaineDen miskunnsame samaritanen»), der det er gjort mykje forsking på malaria. Vidare finn ein museet Musée de Guahaba, som er kjent for tainokunst, i byen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]